Jefferson Airplane Takes Off er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Jefferson Airplane, utgjeve på RCA Victor i august 1966. Bandet hadde ei noko anna besetning enn den seinare «klassiske» besetninga, og musikken er meir prega av folkrock enn den hardare psykedeliske stilen som bandet seinare vart kjende for. Signe Toly Anderson var den kvinnelege vokalisten, medan Skip Spence spelte trommer. Begge forlet gruppa kort tid etter at albumet kom ut og vart erstatta av høvesvis Grace Slick og Spencer Dryden.

Innspeling

Sjefane i RCA meinte at noko av teksten var for seksuelt ladd. Bandet måtte endra teksten i «Let Me In» frå «I gotta get in, you know where» til «You shut your door, now it ain't fair», og «Don't tell me you want money» til «Don't tell me it's so funny». På «Run Around» måtte dei endra slutten av linja «Blinded by colors come flashing from flowers that sway as you lay under me» til «...that sway as you stay here by me». Med «Runnin' 'Round This World» insisterte sjefane at «trips» i linja «The nights I've spent with you have been fantastic trips» refererte til å ta LSD, sjølv om bandet insisterte på at det var vanleg slang. Sjølv om dei erstatta ordet med ein gitararpeggio, var ikkje RCA nøgd med dei seksulle konnotasjonane og nekta å ta med songen på albumet. Innspelinga kom ikkje ut før etter åtte år.

Utgjeving og mottaking

Albumet fekk lite merksemd i pressa då det kom, sidan vanlege aviser vanlegvis ikkje dekte rockeutgjevingar, og rockepressa enno var i startfasen. Crawdaddy! omtalte albumet på framsida av utgåva som kom i januar 1967, med ei tre sider lang melding i magasinet av redaktøren Tim Jurgens. Han meinte albumet hadde «manglar» men likevel var «det viktigaste albumet i amerikansk rock» i 1966.

Innhald

Fotnotar

Medverkande Marty Balin – vokal, rytmegitar Signe Toly Anderson – vokal, perkusjon Jorma Kaukonen – sologitar Paul Kantner – rytmegitar, vokal Jack Casady – bass Skip Spence – trommer Spencer Dryden – trommer på «Go to Her», og dei alternative versjonane av «And I Like It» og «Chauffeur Blues».

Produksjon Tommy Oliver – produsent Matthew Katz – manager, produsent Dave Hassinger – lydteknikar

Salslister Liste (1966) Plassering

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jefferson Airplane Takes Off» frå , den 9. februar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1966 Kategori:Jefferson Airplane-album Kategori:RCA Victor-album Kategori:Album produserte av Matthew Katz