Torkel Ravndal () var ein styrkeløftar frå Jæren som ei tid var kjend som «Europas sterkaste mann».

Karriere Ravndal starta på ein karriere som styrkeløftar, og sette tidleg på 1970-talet verdsrekord i markløft. Til OL i 1972 vart han ikkje med, men starta i staden å reisa rundt som muskelmann. Han imponerte med å løfta for eksempel bilvrak og fleire menneske på ei jernstong. Etter kvart vart han ein kjendis det gjekk mange historier om. Mellom anna vart det sagt at han spesielt likte å løfta kvinner og jenter.

Ravndal voks opp på Figgjo i Sandnes kommune i Rogaland. Han døydde på Bryneheimen sjukeheim.

Bakgrunnsstoff De Lillos sin song om Torkel Ravndal

Kategori:Norske vektlyftarar Kategori:Folk frå Sandnes