Vamma kraftverk er eit vasskraftverk i Glomma i kommunane Indre Østfold og Skiptvet i Viken fylke. Kraftverket utnyttar eit fall på 28,5 meter mellom Kykkelsrud og Vamma og er eit elvekraftverk.
Kraftverket blei påbegynt i 1907 av Vamma Fossekompagnie, der Sam Eyde var grunnleggjar, med tanke på å sikre energi til produksjon av kunstgjødsel. Denne produksjonen kom aldri i gang og Hafslund overtok anlegget.
Produksjonen starta i 1915 med to turbinar. Kraftverket er seinare utvida og modifisert ei rekkje gonger og det inneheld i dag ti francisturbinar og ein kaplanturbin. Samla maksimal effekt er 215 000 kW. Kraftverket har ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1 275 GWh, og er med det Noregs største elvekraftverk, målt i produksjon.
Kraftverket er ått av Hafslund produksjon.
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Vamma kraftverk» frå , den 10. februar 2011. oppgav desse kjeldene: Hafslund
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kraftverk i Indre Østfold Kategori:Skiptvet kommune Kategori:Glommavassdraget Kategori:Kraftverk skipa i 1915 Kategori:1915 i Noreg Kategori:Kulturminne i Indre Østfold