Ludvig Bernhoff Drevland () var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Kvæfjord.

Drevland var son til ein lærar. I 1862 vart han seminarist frå Tromsø. Same året vart han lærar heime i Kvæfjord, 1870-72 også kyrkjesongar. År 1872 byrja han som handelsmann på Borkenes i Kvæfjord. Han slutta handelen i 1875 og vart i staden gardbrukar på Strand i heimbygda. Frå 1880 til han døydde var han kasserar i Kvæfjord Sparebank.

Drevland var ordførar i Kvæfjord 1875-95, og forlikskommissær i mange år. Ei tid var han formann i amtsskulestyret. Han var medlem av den kongelege tollkommisjonen av 1887.

Drevland møtte på Stortinget den 20. april 1881 som varamann frå Tromsø amt, og sat resten av 1881-sesjonen. Han hadde fast sete på Stortinget 1883-88, medlem av næringskomite nr 1. Han vart også vald til stortingsmann for 1889-91, valet vart einstemmig forkasta.

Han døydde i 1911 på garden sin i Kvæfjord.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Ordførarar i Kvæfjord Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Kvæfjord