«Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» er eit musikkstykke skriven og framført av Roger Waters frå Pink Floyd-albumet Ummagumma. Det er den lengste tittelen på songane deira.
Lyd og innspeling Sporet består av fleire minuttar med lydar som liknar på gnagarar og fuglar. Med hjelp av forskjellige teknikar, simulerte Waters desse lydane med røysta si, som å tappe på mikrofonen ved forskjellig snøggleik. Dette vert etterfølgd av Waters som les nokre strofer med overdriven skotsk aksent med kraftig R.Blake, Mark: Pigs Might Fly - The Inside Story of Pink Floyd, s. 136, 2007, AurumPovey, Glen: The Complete Pink Floyd - The Ultimate Reference, s. 133, 2016, Carlton
Piktane, eller picts på engelsk var eit urfolk i det som no er Skottland, som vart fletta saman med skottar.
Det er ei løynd melding i songen kring 4:32. Spelt på halv snøggleik kan ein høyre Waters sei «That was pretty avantgarde, wasn't it?»From Abracadabra to Zombies, The Skeptic's Dictionary. Heilt i slutten av talen an ein òg høyre Waters sei «Thank you.»
Eit lite klipp av desse effektane an ein òg høyre i den andre songen til Waters på Ummagumma, «Grantchester Meadows».
I populærkulturen Man or Astro-man? har ein song kalla «Many Pieces of Large Fuzzy Mammals Gathered Together at a Rave and Schmoozing with a Brick», som er basert på denne songen.
Eit sitat i Karl Edward Wagner-romanen Bloodstone (1975) omtalar songen: «several species of small furry animals gathered together in cave and grooving with a pict.»
Medverkande Roger Waters – vokaliseringar og lydbandeffektar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» frå , den 17. juni 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Eksperimentell musikk-komposisjonar Kategori:Lange namn