Louis-Guillaume Le Monnier (stundom skriven Lemonnier) () var ein fransk naturvitar.
Han var fødd nær Vire som son av Pierre Le Monnier (1675–1757), som sjølv var vitskapsmann og medlem av Det franske vitskapsakademiet.Cuvier, G.: Éloge historique de Lemmonier, 1800-10-07. Den eldre broren til Louis-Guillaume var astronomen Pierre Charles Le Monnier.Crépel, P.: "La 'physique' dans l'Encyclopédie", Recherches sur Diderot et sur l'Encyclopédie, numéro 40-41, 2006. ISSN 1955-2416.
Louis-Guillaume Le Monnier arbeidde innan fysikk, geologi, medisin og botanikk. I 1739 deltok han på ekspedisjonen til César-François Cassini de Thury og Nicolas Louis de Lacaille for å strekkje meridianen til Paris og dokumentere gruver og geologien og botanikken langs ruta. Same året byrja han å arbeide på sjukehuset i Saint Germain en Laye som lækjar. Han forska på elektriske fenomen og sende straum frå eit Leydenglas gjennom ein leidning som var kring 1850 meter lang, og konkluderte med at straumen forplanta seg augneblikkleg i leidningen.Le Monnier, L.-G.: "Recherches sur la Communication de l'Elektriskité", Histoire de l'Académie royale des sciences (1746), s. 477ff. Den seinare forskinga hans på elektriske fenomen omfatta torevêr og «finvêrstilhøve».Le Monnier, L.-G.: "Observations sur l'Elektriskité de l'Air", Histoire de l'Académie royale des sciences (1752), s. 233ff.
Publikasjonane var:
Leçons de physique expérimentale, sur l'équilibre des liqueurs et sur la nature et les propriétés de l'air (1742). Observations d'histoire naturelle faites dans les provinces méridionales de France, pendant l'année 1739 (1744). Recherches sur la Communication de l'Elektriskité (1746). Observations sur l'Elektriskité de l'Air (1752).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Louis Guillaume Le Monnier» frå , den 27. februar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Franske botanikarar Kategori:Franske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society