Kjersti Kollbotn () er ein norsk sivilingeniør og forfattar frå Breim i Nordfjord, no busett i Tromsø. Etter examen artium utdanna ho seg til sivilingeniør, med doktorgrad i byplanlegging (NTNU, 1993). Feltarbeidet gjorde ho i Guatemala. Ho har vore forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking, og har sidan 1995 budd i Tromsø.
Kjersti Kollbotn har tatt forfattarutdanning ved Universitetet i Tromsø og i Bø og er ein av fem medlemmar i gruppa «Jernbanepoetene». Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar med boka Eg er mamma, eg skal vere god i 2009. For denne boka blei ho heidra med Blix-prisen i 2010.
I 2015 blei ho tildelt Tanums kvinnestipend. Kollbotn var styremedlem i Nordnorsk forfattarlag i 2007-2011.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Prisar og utmerkingar 2010 – Blixprisen for Eg er mamma, eg skal vere god 2015 – Tanums kvinnestipend
Referansar
Bakgrunnsstoff
Om Kjersti Kollbotn i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Om Kjersti Kollbotn i Allkunne.no
Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2009 Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Vinnarar av Blixprisen Kategori:Forfattarar frå Gloppen Kategori:Folk frå Gloppen Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg