Gravand (Tadorna tadorna) er ein fugleart i andefamilien.
Skildring Fuglen liknar ei gås med omsyn til kroppsform, storleik, rørsler og flukt. Kjønna liknar kvarandre, men hoa er ikkje like fargesterk som hannen. Fuglen er mykje kvit, med eit hasselbrunt parti på framsida. I paringstida har hannen ein raud knopp mellom augene: nebben er raud. Totallengda er 54–66 cm.
Utbreiing Gravanda hekkar langs kystane i store delar av Europa og i tempererte delar av Asia.
Hekking Gravanda grev ein gang i ein jord- eller sandbanke. Den indre delen av gangen er vidast, og her forar fuglane botnen med gråkvitt dun. Hoa legg 7-15 heilt kvite egg i mai-juni. Ho rugar medan hannen står vakt i nærleiken, gjerne på ein høg plass. Når hoa går ut for å søke næring dekker ho egga med dun. Ho rugar i 30 døgn, og tidleg etter klekkinga tek dei seg ned til næraste vatn der dei vert vakta av begge foreldra. Dei kan flyge etter 45-50 døgn.
Føde Fuglane sym og dukkar godt. Dei et smådyr i sjøen, frø, knoppar og spede planteskot.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gravand» frå , den 1. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fuglar i Noreg Kategori:Andefamilien