Ivar Mobekk () er ein tidlegare norsk skihoppar frå Elverum som tevla for Elverum Skiklubb.
Karriere Mobekk vart noregsmeister i normal bakke i 1981 i Rælingen. Han vann tevlinga i Marikollen føre Jon Eilert Bøgseth, med Johan Sætre på tredjeplass. Den andre NM-medaljen, ei bronsemedalje, kapra han i gjennombrotssesongen 1979, men då i stor bakke. Fire gongar kom han på pallen i verdscupen. Tre andreplassar kom i Zakopane i 1980, Thunder Bay og St. Nizier, begge i 1981, ein einsleg tredjeplass kom i det andre rennet i Zakopane i 1980.
Mobekk deltok under Vinter-OL 1980 i Lake Placid. Han vart høvesvis nummer 24 og 27 i stor og i normal bakke.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1980: Nr 2 og 3 i Zakopane 1981: Nr 2 i Thunder Bay og St. Nizier 1982: Nr 10 i Svenska skidspelen i Falun 1983: Nr 4 i Vikersund
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1979: Bronsemedalje i storbakken i Bærum Ski-NM 1980: Nr 7 i storbakken i Meldal Ski-NM 1981: Gullmedalje i normalbakken i Rælingen Ski-NM 1982: Nr 8 i normalbakken på Raufoss Ski-NM 1983: Nr 5 i storbakken på Lillehammer Ski-NM 1984: Nr 6 i storbakken i Meldal
Bakgrunnsstoff Ivar Mobekk i fis-ski.com Ivar Mobekk i olympedia.org Profil på Sports-reference.com
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1980 Kategori:Folk frå Elverum