Fukushima I dai-ichi er eit kjernekraftverk i byen Okuma i Futaba distriktet i Fukushima prefektur i Japan. Med sine seks separate reaktorar var Fukushima I eit av dei største atomkraftverka i verda. Fukushima I var bygd og drive av TEPCO.

Reaktorar Eining Type Oppstart Elektrisk effekt Fukushima I - 1 26. mars 1971 460 MW Fukushima I - 2 18. juli 1974 784 MW Fukushima I - 3 27. mars 1976 784 MW Fukushima I - 4 12. oktober 1978 784 MW Fukushima I - 5 18. april 1978 784 MW Fukushima I - 6 24. oktober 1979 1100 MW Fukushima I - 7 (planlagt) Oktober 2013 1380 MW Fukushima I - 8 (planlagt) Oktober 2014 1380 MW Jordskjelvet i 2011 Etter jordskjelvet 11. mars 2011 vart det meld at alle dei tre verksame reaktorane hadde vorte automatisk nedstengde, men at alle nedkjølingspumpene for reaktor 1 ikkje fungerte grunna elektriske problem. Nedkjøling med vatn er naudsynt for å få ned temperaturen i reaktorane, og styresmaktene sende ut melding om atomkraftkrise. Det vart meld at det ikkje lak radioaktivitet. Seinare på dagen vart det gjeve ordre om at alle som var busette innanfor ein to kilometers radius frå reaktoren måtte evakuerast. Dette gjaldt 2000 personar.

Reaktorane 4, 5 og 6 var stengde for vedlikehald. Reaktor 4 var tom for brensel.

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff Nettsida til Tokyo el-kraftlag 東京電力・福島第一原子力発電所 Webkamera som viser Fukushima I atomkraftverk.

Kategori:Fukushima prefektur Kategori:Kjernekraftverk i Japan Kategori:Skipingar i 1967