Darnah eller Derna er ein by i Kyrenaika i Libya ved Middelhavet. Han ligg 275 kilometer nordaust for Benghazi og hadde i 1984 innbyggjarar. Byen har handel med sitrusfrukter, bananar og oliven og noko lettindustri. I byen er det ein marinebase.
Medan aksjonen til USA mot «røvarstatane» heldt på, vart Darnah teken av amerikanarane i 1805. Det var italienske styrkar i byen i perioden 1911-1912, og han var ein del av Italia frå 1939. Byen fekk store skadar under andre verdskrigen og vart hærteken av britane i 1942.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Kategori:Byar i Libya