«White Room» er ein song med tekst av Pete Brownhttp://www.jackbruce.com/2008/Words/album_lyrics/lyrics_wheels_of_fire.htm og musikk av Jack Bruce. Songen vart spelt inn av Cream og henta som singel frå albumet Wheels of Fire i 1968.
Komposisjon Etter at bassist Jack Bruce skreiv gitarparten, skreiv tekstforfattaren Pete Brown ein tekst med fargerike fire fire-stavingar lange uttrykk, laust basert på bilete av ein som ventar på ein engelsk jernbanestasjon påverka av dopet han har teke. «White Room» er kjend for den uvanlege 5/4-takten i introduksjonen og mellomspelet, triolane spelt på tam-tamane av Ginger Baker og den tornande basstrommene. «White Room» er òg kjend som det beste dømet på gitarist Eric Clapton sin bruk av Vox Clyde McCoy Picture Wah i mellomspelet og den lengre soloen.
Medverkande Cream Jack Bruce - Bassgitar, vokal Eric Clapton - Gitarar Ginger Baker - Trommer, pauke
I tillegg Felix Pappalardi - Bratsj
Ettermæle I lag med «Sunshine of Your Love» og «Crossroads», er «White Room» ein av dei mest kjende songane til Cream, og nådde sjetteplass i USA i 1968 og 28. plass i Storbritannia i 1969.http://www.everyhit.com/ Type in "Cream" under Name of Artist Section
«White Room» vart plassert på 367. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Andre versjonar Songen er spelt av mange andre artistar
Jeff Healey, på Classic Rock Magazine's Guitarmageddon Vol. 2 samleplate, nummer 136 Waylon Jennings Robert M. K. Hinz/Julia Degenhardt Joel Grey Frank Gambale (i jazz-fusion-stil) Rudy Trevisi (i discostil i 1979) Iron Butterfly Flower Travellin' Band Pat Travers Ringo Starr and His All-Starr Band (med Jack Bruce, og to eller tre trommeslagarar i lag samstundes) Helloween Demons & Wizards Ring of Fire Iced Earth Jimmy Barnes The Bobs The Guess Who The Vines The Stranglers Hugh Cornwell og Robert Williams Vassar Clements BBM Songen vart spelt av Eric Clapton i Philadelphia under Live Aid-konserten i 1985 med Phil Collins på trommer Eric Clapton har sidan spelt songen live på 24 Nights. Sheryl Crow spelte songen med Clapton på Central Park-konserten hennar Rik Emmett
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «White Room» frå , den 12. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Cream-songar Kategori:Songar skrivne av Jack Bruce Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Songar produserte av Felix Pappalardi Kategori:Atco Records-singlar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Helloween-songar Kategori:Sheryl Crow-songar Kategori:Jeff Healey-songar 376 Kategori:Deep Purple-songar