Blind Faith er det einaste albumet til den britiske supergruppa Blind Faith, som bestod av Eric Clapton (The Yardbirds, Cream), Ginger Baker (Graham Bond Organisation, Cream), Steve Winwood (Spencer Davis Group, Traffic) og Ric Grech (Family).

Bandet og debutalbumet fekk mykje omtale, og då det kom ut toppa det listene i både USA, Storbritannia og Canada. I tillegg publiserte Rolling Stone tre meldingar av albumet i september-utgåva av magasinet i 1969, skriven av Ed Leimbacher, Lester Bangs og John Morthland.

Dei byrja på songane tidleg i 1969, og i februar og mars var bandet i London ved Morgan Studios, og førebudde innspelinga av albumet. Dei første, nesten ferdige songane dukka først opp då dei var i Olympic Studios i april og mai, med Jimmy Miller som produsent. Musikkmiljøet var alt klar over samanhengen, trass i at Clapton hevda at han berre laga eit soloalbum der Winwood skulle spele. Rockepressa kjøpte derimot ikkje dette og visste at Baker var involvert i tillegg.

Innspelinga av albumet vart avbroten av ein turne i Skandinavia, så ein turne i USA frå 11. juli til 24. august, støtta av Free, Taste og Delaney & Bonnie and Friends. Sjølv om albumet nådde toppen av listene, vart det spelt inn i all hast og side to inneheldt berre to songar, mellom anna den 15 minuttar lange «Do What You Like». Likevel klarte bandet å produsere to klassiske hittar, Winwood sin «Can't Find My Way Home» og Clapton sin «Presence of the Lord».

Ei utvida utgåve av albumet kom ut i 2001 med bonuspor av songar og jammar som ikkje tidlegare var gjevne ut. To konsertopptak frå Hyde Park-konserten, «Sleeping In The Ground» av Sam Myers og Rolling Stones-songen «Under My Thumb» finst òg på Winwood-samlinga The Finer Things.

Plateomslaget Utgjevinga skapte kontroversar, fordi plateomslaget synte bilete av ei topplaus pre-pubertal jente, som held eit modellfly i hendene, som enkelte såg på som eit fallossymbol. Det amerikanske plateselskapet gav ut albumet med eit alternativ omslag (eit bilete av bandet).

Innhald

Deluxe-utgåva

Medverkande Steve Winwood - orgel, piano, gitar, bass, solovokal Eric Clapton - gitar, vokal Ric Grech - bassgitar, fiolin, vokal Ginger Baker - trommer, perkusjon.

Medverkande på disk to på deluxe-utgåva Steve Winwood - orgel, basspedalar, bass Eric Clapton - gitar Ginger Baker - trommer and perkusjon

Teknisk Jimmy Miller – produsent George Chkiantz, Keith Harwood, Andy Johns, Alan O'Duffy – lydteknikar Alan O'Duffy, Andy Johns, Jimmy Miller – miksing Stanley Miller, Bob Seidemann – platedesign og kunstarisk leiar Chris Blackwell, Robert Stigwood – leiande produsentar Margaret Goldfarb – produksjonskoordinering Bill Levenson – oversyn for nyutgjeving Suha Gur – remastering Vartan – kunstnarisk leiar for nyutgjeving

Salslister

Vekeslister Liste (1969–2015)PlasseringAustralske album (Kent Music Report) Note: This reference gives Australian albums and singles information. It is used for chart peak positions as early materials were released before ARIA regulated the Australian charts itself (1989).2Kanadiske Top Albums/CDs (RPM)1scope="row" Den danske albumlista (Hitlisten)1scope="row" Den franske albumlista (IFOP) Note: Select «BLIND FAITH», then press «OK» to see selected charting positions.4scope="row" Irish Albums (IRMA)See the Irish Chart Tread 2005 for Reference at UKMIX.org. Henta 16. juni 2018.88Den japanske albumlista (Oricon). Henta 16. juni 2018.293scope="row" Den spanske albumlista (PROMUSICAE). Henta 16. juni 2018. Note: Search for Spanish album versions only to see the charting positions and selected certification awards.49scope="row" US Billboard 2001US Top R&B Albums (Billboard)40

Årslister Liste (1969)PlasseringDen tyske albumlista (Offizielle Top 100)53Den norske albumlista (VG-lista)20UK Albums (OCC)35

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Blind Faith (album)» frå , den 13. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Blind Faith-album Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Album produserte av Jimmy Miller Kategori:Polydor Records-album Kategori:Atco Records-album Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios