«I Shot the Sheriff» er ein song skriven av Bob Marley, fortalt frå synspunktet til ein mann som innrømmer å ha teke livet av den lokale sheriffen, men han hevdar at han er feilaktig skulda for å ha teke livet av assistenten hans. Songen vart først gjeven ut på The Wailers-albumet Burnin' i 1973.

Eric Clapton spelte inn ein versjon av songen for albumet 461 Ocean Boulevard i 1974. Dette er den mest suksessrike versjonen av songen og singelen nådde førsteplassen på den amerikanske singellista. Dette var einaste gongen Clapton nådde førsteplassen i USA. Songen gjekk òg til topps i Canada og New Zealand, medan han i Noreg nådde tredjeplassen og i Storbritannia niandeplass.

«Eg ønskte å seie 'I shot The Police', men styresmaktene ville ha laga bråk då, så eg sa 'I shot the sheriff' i staden for... men ideen er den same: rettferd.» — Bob Marley

Andre versjonar EPMD nyttar ein sample frå Clapton-versjonen av songen på «Strictly Business» frå 1988. På debutalbumet til Mary J. Blige (What's the 411?) seier Grand Puba «I shot the sheriff AND the motherfuckin' deputy» på tittelsporet. I 1995 song den svenske gruppa Just D songen med ein svensk tekst, Jag sköt sheriffen, på samlealbumet Just D:s Gyldene. och på singel. I 1997 spelte rapparen og produsenten Warren G songen for albumet Take a Look over Your Shoulder (Reality). Denne versjonen nådde 20. plass på lista i USA og førsteplassen på New Zealand.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Shot the Sheriff» frå , den 14. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Bob Marley-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Protestsongar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista 450