Walbury Hill er det høgaste punktet i Berkshire, 297 meter over havet. Det er òg det høgaste punktet i Søraust-England. Han er berre 3 meter høgare enn Leith Hill i Surrey, det nest høgaste punktet i Søraust-England.
Han ligg på grensa mellom Inkpen og Combe sørvest i Berkshire (sistnemnde tidlegare ein del av Hampshire). Han ligg nær grensa til Hampshire og 7 km søraust for Hungerford, den næraste småbyen. På toppen ligg eit åsfort frå jernalderen, Walbury Camp. Combe Gibbet står på den nærliggande Gallows Down.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walbury Hill» frå , den 14. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Åsar i Berkshire Kategori:Sites of Special Scientific Interest i Berkshire