Jamaica er eit øyrike i det karibiske havet som ligg like sør for Cuba og vest for Hispaniola, øya delt av Haiti og Den dominikanske republikken. Øya var britisk koloni frå 1665 til 1962, og er i dag med i det britiske samveldet. Øya er kjend for å ha gjeve opphav til rastafarianismen, og til musikkstilane reggae og ska.

Jamaica tilhøyrer øygruppa Dei store Antillane, og er den tredje største øya i Det karibiske havet etter Cuba og Hispaniola. Landet omfattar òg nokre små, folketeomme øyar i sør.

Dei første innbyggjarane på Jamaica var tainoar, ei folkegruppe som var i slekt med arawakane. Namnet deira på øya var Xaymayca.Taino-orbok på nett Kristoffer Columbus var den første europearen som kom til Jamaica i 1494. Han kalla øya «Santiago».

Geografi venstre|mini|Topografi Jamaica er ein del av ryggen av ei undersjøisk fjellkjede. Halve arealet er dekt av tjukke kalksteinslag. Det finst fleire parallelle fjellkjeder i retning vest-aust. Den høgaste fjelltoppen er Blue Mountain Peak, som ligg 2256 meter over havet. Fjella ligg midt i landet og er innrama av ei smal kyststripe. Dei fleste strendene, som er kvite og fine, ligg på nord- og vestkysten.

Klima mini|Orkanen Dennis mellom Jamaica og Haiti i 2005. Jamaica har eit tropisk klima på kysten og i låglandet, men meir temperert klima i høgda. I låglandet er årsmiddeltemperaturen 26-27 °C, og denne endrar seg lite gjennom året. I høgareliggande område er temperaturen og luftfukta lågare. Kinsgston har kring 25 °C i middel i januar og februar og 29 °C i august.

Nedbørstilhøva er prega av topografien på øya. Låglandet i sør ligg i regnskuggen for fjella og får 750–1500 mm i året. Mest nedbør kjem det her om sommaren. Nord- og austvendte fjellskråningar kan få opptil 5000 mm nedbør i året i samband med dei nordaustlege vindane om vinteren og våren. Frå august dominerer austlege og søraustlege vindar, men tropiske stormar kan i denne perioden medføre store øydeleggingar.

Vegetasjon Mykje av den opphavlege vegetasjonen er blitt utsletta i låglandet, og tidlegare voks det mykje skog her. På den nordlege delen av øya er det regnskog, men lenger ned er mykje av regnskogeen erstatta av bananplantasjar. Det finst over 3000 blomsterartar på Jamaica.

Dyreliv Dei einaste opphavlege landpattedyra som framleis finst på øya, er 24 artar av flaggermus og hutiaen Geocapromys brownii. Hutiaen er ein stor gnagar i beverrottefamilien, og var tidlegare ettertrakta på grunn av kjøtet. Fem pattedyrartar er nyleg utdøydde, apen Xenothrix mcgregori og gnagarane Oryzomys antillarum, Clidomys osborni, Xaymaca fulvopulvis og ein gnagar som ikkje er vitskapleg skildra. I 1872 blei indisk mungo innført som eit ledd i kampen mot slangar og mot rottene som tidlegare hadde følgt med menneska hit.

Jamaica har vel 200 fuglearter.

Historie

1400-talet og 1500-talet mini|Dei store Antillane på Cantino-kartet frå 1502. I 1494 kom Kristoffer Columbus til øyane for første gong. Det var byrjinga på slutten for tainofolket på Jamaica, delvis som følgje av kopparviruset som spanjolane førte med seg, og delvis på grunn av den dårlege handsaminga til kolonistane av dei tainoanske innbyggjarane. Tainofolkesetnaden var halvert allereie i 1598.Jamaica National Heritage Trust

Spanjolane slo seg etter kvart ned på øya og byrja med landbruk, hovudsakleg med storfe- og grisehald. Frå 1520-åra blei det oppretta sukkerrøyrplantasjer, noko som deretter dominerte økonomien på øya i fleire hundre år. Det blei innført store mengder slavar frå Afrika, og dette har prega folkesetnaden på øya sidan.

1600-talet I 1654 erobra britiske styrkar øya etter ein hard, men nyttelaus væpna motstand frå spanjolane som budde på øya. Ei stor gruppe rømde slavar (maroonar) heldt fram å ha frie liv i fjella, og lét seg like lite kua av britane som av spanjolane.

Britane investerte i produksjon av kakao, kaffi og endå meir sukkerrøyr, og dette gav dei rike inntekter. Men på grunn av stadige krigar med skiftevis Frankrike og Spania fekk sjørøvarar kontroll over øya. Sjørøvarane var ei gruppe som bestod av politiske flyktningar og rømde kriminelle. Jamaica var eit utmerka utgangspunkt for plyndringstokt mot dei spanske gallionane som frakta sølv og gull frå Mexico og Peru (via Panama). Britane bytta mellom å støtta sjørøvarane og å hjelpa spanjolane med å driva dei attende, alt ettersom Storbritannia og Spania var i krig eller hadde inngått fredsavtale. Sjørøvarstaten fekk likevel ein alvorleg knekk etter eit jordskjelv i 1692 som førte til at hovudstaden Port Royal forsvann i havet. Deretter tok britane tilbake kontrollen over øya og gjorde slutt på sjørøvarverksemda. Britane gjenoppretta slaveøkonomien på øya, med store sukkerrøyrplantasjar som grunnlag.

1700-talet mini|Rose Hall i Montego Bay. Det store plantasjehuset blei bygd på 1770-talet. Skildring frå 1820-talet.

Slavane gjorde likevel hyppig opprør mot britane. Rømde slavar slo seg saman med etterkommarane av maroonane, og tvinga britane til å gje dei sjølvstyre i 1739.

Britane heldt fram å henta nye slavar til øyane, og dei nye slavane blei sette til å arbeida på sukkerplantasjar under skrekkelege tilhøve og med harde straffer mot ulydnad. Slaveopprøra heldt fram, særleg etter at den amerikanske frigjeringskrigen (1775–81) og den franske revolusjonen (1789) forsterka fridomstrongen til slavane.

1800-talet mini|Skildring av Harbour Street i Kingston frå 1820-talet.

Det siste og største av slaveopprøra på Jamaica var «the Christmas Rebellion» i 1831. Det var inspirert av «Daddy» Sam Sharpe, ein utdanna slave og predikant som gjorde passiv motstand. Opprøret utvikla seg til å bli svært valdsamt, og heile 20 000 slavar raserte plantasjar og drap plantasjeeigarane. 400 slavar blei hengde, og mange fleire piska som straff. Britiske styresmakter stansa fleire slike opprør ved å gje slavane på Jamaica fridom 1. august 1834.

mini|venstre|Tre barn utanfor eit hus ved slutten av 1800-talet.

Overgangen frå slaveøkonomi til ein økonomi basert på betalt arbeid forårsaka økonomisk kaos. Dei fleste frigjevne slavane skydde plantasjearbeid og valde å leva av sjølvbergingsjordbruk.

Sjølv om slaveriet var oppheva og dei tidlegare slavane var blitt frie, var det framleis dei kvite plantasjeeigarane som dominerte samfunnet, og berre godseigarar som hadde røysterett. Mulattar fekk røysterett i 1830, og liberale mulattar tok opp kampen for dei undertrykte på 1860-talet.

Då ein marineblokade kutta livsviktige forsyningar under den amerikanske borgarkrigen (1861–65), tippa det over for den svarte folkesetnaden. I desperasjon over tilhøva og urettvisa braut det ut eit nytt opprør, leidd av baptist-diakonen Paul Bogle. Guvernør Edward Eyre og tilhengarane hans fekk slutt på opprøret, og Bogle blei hengd. Fleire hundre andre blei avretta og piska, og fleire tusen heimar blei raserte som hemn. Den brutale undertrykkinga førte til sterk kritikk i England, der opinionen kravde anstendig styre av Jamaica. Dette blei byrjinga på ein epoke med ei rekkje liberale guvernørar.

I 1872 blei Kingston hovudstaden på Jamaica.

1900-talet mini|Jamaicansk frimerke påtrykt teksten «sjølvstende 1962».

Ein økonomi basert på bananplantasjar skapte ein jamn vekst, som enda brått i nedgangstidene på 1930-talet. Økonomien kom fort i gang igjen under andre verdskrigen, då Dei karibiske øyane forsynte Storbritannia med mat og råmateriale.

I 1944 ramma ein svoltkatastrofe Jamaica. Øya fekk fullt sjølvstyre frå Storbritannia i 1947, og etter ei folkerøysting trekte Jamaica seg ut frå Vestindiaføderasjonen i 1962.

Sjølvstendepolitikken har hovudsakleg gått i arv frå Alexander Bustamante og Norman Manley. Bustamante danna den første handelsunionen i Karibia rett før andre verdskrigen; seinare danna han Jamaican Labour Party (JLP). Manley danna det første jamaicanske politiske partiet, People's National Party (PNP).

Michael Manley, som var sonen til Norman, leidde PNP gjennom demokratisk sosialisme på midten av 1970-talet. Forsøket førte til massiv utvandring på eit tidspunkt då Jamaica ikkje hadde råd til det. Inflasjonen steig med omtrent 50 %, og arbeidsløysa blei skyhøg. Samfunnet blei alvorleg polarisert politisk, og under valkampanjane før valet i 1976 herska borgarkrigsliknande tilstandar. Tungt væpna gjengar av JLP- og PNP-tilhengarar byrja å drepa kvarandre, og det blei erklært unntakstilstand. PNP vann til slutt valet, og Manley blei statsminister.

Den amerikanske regjeringen var fiendtleg innstilt mot den sosialistiske retninga Jamaica tok, og då Manley byrja å knytta sterke band til Cuba, planla CIA å styrta den jamaicanske regjeringa. Økonomien (særleg turismen) fekk ein alvorleg knekk, og landet var under ei slags kringsetjing. Kring 700 menneske blei drepne under opptakten til valet i 1980. Dette valet blei vunne av JLP under leing av Edward Seaga.

Seaga retta opp igjen økonomien, braut banda med Cuba og vende seg mot Ronald Reagan og USA. I eit ganske fredeleg val i 1989 blei Manley gjenvald, men han trekte seg tilbake i 1992. Han gav makta vidare til visestatsministeren Percival James Patterson, som blei den første svarte statsministeren på Jamaica. Under leiing av Patterson vann PNP begge vala i 1993 og i 1997. Våren 1999 braut det ut eit allment opprør etter at regjeringa kunngjorde ei avgiftsauke på bensin på heile 30 %. Særleg Kingston og Montego Bay, der sukkerrøyrplantasjene blei sette i brann, blei hardt ramma. Etter tre dagar med brannstiftingar og plyndring sette regjeringa ned avgiftene.

2000-talet Fornya gjengkriminalitet i Kingston juli 2001 og januar 2002 kravde til saman 34 menneskeliv. Statistikkar viste at drapstala var høgare enn nokonsinne. I februar same året blei fem politimenn drepne, noko som skapte merksemd rundt politivald. Dette hindra ikkje Patterson i å vinna det fjerde valet på rad. Statsministeren kunngjorde at han håpte at landet kunne blei ein republikk før han gjekk av i 2007, noko som ville stadfesta vegen på øya ut av skuggen til den tidlegare kolonimakta.

Folkesetnad

Etniske grupper mini|Amerikansk marineoffiser og ungar i Kingston i 2011. 90,9 % av folkesetnaden på Jamaica har afrikansk bakgrunn. Andre folkegrupper på øya er aust-indarar (1,3 %), kaukasiarar (0,2 %), kinesarar (0,2 %) og libanesarar (0,1 %). Andre folkeslag utgjer til saman 7,3 %.

Språk Det offisielle språket på Jamaica er engelsk. Uformelt blir jamaicansk patois (uttalt patwa) brukt av ein majoritet av folkesetnaden. Jamaicansk patois byggjer hovudsakleg på britisk engelsk (eller «The Queen's English»), men ein finn òg ord frå fleire afrikanske språk (blant anna frå akan, ewe og joruba), frå andre europeiske språk (spansk, portugisisk og fransk), frå prekolumbiske språk (arawak) og frå asiatiske språk (hindi og hakka). Dette språklege mangfaldet er representativt for mangfaldet i folkesetnaden på Jamaica. Generelt skil patois seg frå engelsk ved uttale, grammatikk, ortografi og syntaks, med mange ulike intoneringar som indikerer ulike tydingar og stemningsleie. Språket er kjenneteikna ved spesiell uttale ( som og som ), og har nokre spesielle konsonantlyder, mest merkbart ved . Til dømes blir ordet «there» uttalt [ˈdɪeɹ]. Fleire lingvistar klassifiserer jamaicansk patois som eit eige språk, medan andre ser på det som ein engelsk dialekt.

Emigrasjon Fleire jamaicanarar har utvandra, spesielt til USA, Storbritannia og Canada. Emigrasjonsraten har flata seg meir ut dei siste åra. Likevel bur mange jamaicanarar utanlands, og er blitt kjende som «den jamaicanske diasporaen». Ein del jamaicanarar har også utvandra til Cuba.