Robert Alan «Robby» Krieger () er ein amerikansk rockegitarist og låtskrivar. Han var gitarist i The Doors, og skreiv somme av dei mest kjende songane til bandet, som «Light My Fire», «Love Me Two Times», «Touch Me» og «Love Her Madly». Han var med i bandet frå danninga til gruppa i 1965 til oppløysinga i 1973, to år etter vokalisten Jim Morrison døydde.

Han vart av Rolling Stone kåra til den 91. beste gitaristen gjennom tidene.

Krieger har dei seinare åra turnert med gruppa Riders on the Storm saman med The Doors-kollega Ray Manzarek og The Cult-vokalist Ian Astbury. Gruppa spela på Rockefeller i Oslo 7. januar 2007.

Diskografi The Doors

Solo Robby Krieger & Friends (1977) Versions (1983) Robby Krieger (1985) No Habla (1989) Door Jams (1989) Cinematix (2000) Singularity (2010)

The Butts Band The Butts Band (1974) Hear and Now (1975)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Robby Krieger» frå , og «Robby Krieger» frå den 16. mars 2011.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad The Doors sin offisielle nettstad

Kategori:Jødiske musikarar Kategori:Sologitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:The Doors Kategori:Folk frå Los Angeles