«Tell All the People» var den tredje singelen frå The Doors-albumet The Soft Parade i 1969. Songen er òg kjend som «Follow Me Down», sidan det er den mest nytta setninga i songen. Han vart gjeven ut med «Easy Ride» som B-side og nådde 57. plass på den amerikanske singellista.

«Tell All the People» var skriven av gitarist Robby Krieger, og det var på grunn av denne songen at låtskrivar-tilskrivinga på Soft Parade vart gjeven til individuelle bandmedlem, og ikkje til heile bandet slik som tidlegare. Jim Morrison ønskte ikkje at nokon skulle tru at han hadde skrive teksten til «Tell All the People», sidan teksten oppfordrar folk til å finne fram våpna sine.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tell All the People» frå , den 18. mars 2011.

Kategori:The Doors-songar Kategori:Songar skrivne av Robby Krieger Kategori:Songar produserte av Paul Rothchild Kategori:Antikrigssongar Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Elektra Records-singlar