Helge Brendryen () er ein norsk, tidlegare skihoppar. Under Ski-VM 1993 i Falun tok Brendryen gull med det norske laget i lagkonkurransen. Dei andre på laget var Bjørn Myrbakken, Øyvind Berg og Espen Bredesen. Han kom på femteplassen i storbakken. OL-sesongen 1994 hamna han langt nede på resultatlistene. 1995-sesongen vart ikkje mykje betre, men han overraska og vann sølvmedaljen under noregsmeisterskapen i Holmenkollen. Men han var langt bak den suverene vinnaren, Lasse Ottesen.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1993: VM-gull for lag. Nr 5 i stor bakke under VM i Falun. Nr 8 i Tauplitz (skiflyging) 1995: Nr 20 i Vikersund (skiflyging)
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1993: Nr 5 både i normalbakken på Lillehammer og i storbakken på Odnes 1995: Sølvmedalje i storbakken i Oslo
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske skihopparar