Kim Ojo () er ein nigeriansk fotballspelar som spelar for KRC Genk. Han er spiss og spelte for den norske klubben Brann til og med 2012-sesongen. Han har tidlegare spelt for Nybergsund IL og er 192 cm høg.
Ojo var Nybergsund sin toppskårar i 1. divisjon i tre sesongar på rad, med 10 mål i 2008, 14 mål i 2009 og 13 mål i 2010. I mai 2010 uttalte han at han ikkje var interessert i å spele for dåverande Tippeliga-leiar Tromsø, som på det tidspunktet var ute etter nye angrepsspelarar. Han ville heller spele for Inter Milan under Jose Mourinho. Men 8. desember 2010 blei det klart at Ojo hadde signert kontrakt med Sportsklubben Brann. Kontrakten strekkjer seg til og med 2013-sesongen.
Ojo debuterte i Tippeligaen for Brann i første serierunde i 2011-sesongen, heime mot Rosenborg 20. mars 2011. Han skåra i den kampen 1-0-målet for Brann etter 11 minutt. 2011-sesongen i Brann vart ein stor suksess for Ojo. Han spelte fast på laget og vart Brann sin toppskårar i serien, med 15 mål.
Fotnotar
Kategori:Nigerianske fotballspelarar Kategori:Nybergsund-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Genk-spelarar