Haddington Hill er ein ås i The Chilterns og det høgaste punktet i det engelske grevskapet i Buckinghamshire. Dette punktet er på 244 m (801 ft) og ligg i Pavis Wood, på austryggen av åsen nær fylkesgrensa. På nordaustsida ligg Coombe Hill, som ikkje må forevkslast med Coombe Hill 4 km mot sørvest.

Haddington Hill er eigd av Forestry Commission, og skogområdet Wendover Woods dekker det meste av åsen. Det går mange stiar gjennom skogen og det ligg ein parkeringsplass nær toppen mellom trea. Den flate toppen gjer det vanskeleg å finne den nøyaktige toppen, men inne i skogen, aust for parkeringsplassen, står det ein stor stein med påskrifta «Highest Point of the Chiltern Hills». Det er dårleg med utsikt på toppen på grunn av skogen rundt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Haddington Hill» frå , den 20. mars 2011.

Kategori:Åsar i Buckinghamshire