«Riders on the Storm» er ein song av The Doors frå albumet L.A. Woman i 1971. Han nådde 14. plass på Billboard Hot 100 i USA og 22. plass på den britiske singellista. I Nederland gjekk han til 7. plass.

Oversyn I følgje bandmedlem Robby Krieger var dei inspirert av songen «(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend». songen vert spelt i E dorisk skala, og nyttar lydeffektar av torevêr og regn, i tillegg til Ray Manzarek sitt Fender Rhodes elektriske piano som spelar og etterliknar lyden av regn.http://www.songfacts.com/detail.php?id=273

Songen vart spelt inn i Doors Workshop i desember 1970 med produsent Bruce Botnick. Jim Morrison spelte inn hovudvokalen og kviskra så teksten over dei for å skape ein ekkoeffekt. Dette var den siste songen dei fire medlemmane av The Doors spela inn i lag, samt den siste innspelte songen til Morrison som vart gjeven ut. Singelen kom ut i 1971, kort tid før Morrison døydde.

Den tidlegare produsenten til The Doors, Paul Rothchild, forlet innspelingane fordi han ikkje likte albumet og denne songen, som han kalla «cocktailmusikk». Lydteknikaren Bruce Botnick tok då over som produsent.

Trommeslagaren i bandet John Densmore skreiv i 1990 ei bok kalla Riders On The Storm om livet sitt og perioden hans i The Doors.

I november 2010 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame i kategorien Rock.

Den einaste gongen songen vart spelt på konsert med Jim Morrison var den 11. desember 1970 i Dallas i Texas.

Salslister

Liste (1971)Plassering Canada (RPM magazine)5 UK Singles Chart22 US Billboard Hot 10014 US Billboard Easy Listening11U.S. Cashbox Top 100 Singles«CASH BOX Top 100 Singles». Cashbox Magazine, Inc. Henta 2010-02-28.12

Liste (1976)PlasseringUK Singles Chart 33 Liste (1991)PlasseringUK Singles Chart68

Salstrofé

Andre versjonar Annabel Lamb spelte songen i 1983 og nåded 23. plass på NME-lista i Storbritannia. Brutal Bill sampla mykje av songen på sin «Woman Of Angels» i 1998. The Jacka sampla det meste av songen i 2008 for songen «Storm». Creed spela songen i 2000 for albumet Stoned Immaculate. Infected Mushroom remiksa songen for Legend of the Black Shawarma. Nightmares on Wax remiksa songen for The best of the doors frå 2002. Snoop Dogg spela songen i 2003 for spelet Need for Speed: Underground 2, i ein remiksa versjon produsert av Fredwreck. Dancing Fantasy spela songen i 1991 på albumet California Grooves. Blondie gav ut ein mashup-versjon av songen i 2004 kombinert med deira eigen «Rapture» frå 1981. Dezperadoz spela songen i 2008 for albumet An Eye for an Eye. Wolfmother spela songen live på Outside Lands 2010, blanda med sin eigen «The White Unicorn».http://www.covermesongs.com/2010/08/consequence-of-sound-presents-best-fest-covers.html Carlos Santana spela songen i 2010 for albumet Guitar Heaven: The Greatest Guitar Classics of All Time. Denne versjonen har med Chester Bennington (frå Linkin Park) på solovokal og Ray Manzarek (frå The Doors) på klaverinstrument, som han gjorde på originalen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Riders on the Storm» frå , den 20. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Songar frå 1971 Kategori:The Doors-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Songar skrivne av John Densmore Kategori:Songar skrivne av Robby Krieger Kategori:Songar skrivne av Ray Manzarek Kategori:Songar skrivne av Jim Morrison Kategori:Songar produserte av Bruce Botnick Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Mordballadar Kategori:Creed-songar Kategori:Snoop Dog-songar Kategori:Blondie-songar Kategori:Carlos Santana-songar Kategori:Simple Minds-songar