«I Can't Quit You Baby» er ein bluesstandard skriven av Willie Dixon og først spelt inn av bluesartisten Otis Rush, ein av dei første eksponentane for «West Side Sound».Herzhaft, Gerard; Harris, Paul; Hanssler, Jerry; Mikofsky, Anton J. (1997). Encyclopedia of The Blues, (2nd. Sub edition), University of Arkansas Press, ISBN 9781557284525. Songen er ein langsam 12-taktsblues, som vart nytta av arrangør og produsent Dixon til å lansere Rush og Cobra Records, sidan det var første singel for begge.Dixon, Willie; Snowden, Don (1989). I Am The Blues, Da Capo Press, ISBN 9780306804151. Singelen vart ein suksess og nådde sjetteplassen på Billboard R&B-lista i 1956.Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942-1988, Records Research, Inc., ISBN 9780898200690. I sjølvbiografien sin forklarer Willie Dixon at «I Can't Quit You Baby» vart skriven om eit forhold som Rush såg ut til å vere oppteken av på denne tida og som Dixon nytta til å få fram ei lidenskapleg framføring av Rush.

Otis Rush kom attende til «I Can't Quit You Baby» fleire gonger i løpet av åra, mellom anna ei ny innspeling for bluessamlinga Chicago|The Blues|Today! Vol. 2 i 1966 (Vanguard 79217). Denne versjonen hadde eit anna arrangement. Det er denne versjonen dei fleste coverversjonane er baserte på. John Mayall's Bluesbreakers spelte songen i 1967 på Crusade (Decca SKL 4890/London PS 529). I 1969 spelte Little Milton (Checker 1212) og låtskrivaren Willie Dixon (Columbia PC 9987) òg inn songen. Sidan den gong har han vorte spelt av mange bluesartistar og andre artistar.[ allmusic] Den originale singelen til Otis Rush vart innlemma i Blues Hall of Fame i 1994.

Led Zeppelin-versjonen

Det engelske rockebandet Led Zeppelin spela inn «I Can't Quit You Baby» for debutalbumet Led Zeppelin. Utgåva deira følgjer generelt Otis Rush-utgåva frå 1966, men med andre instrument og dynamikk.Shadwick, Keith (2005). Led Zeppelin: The Story of a Band and Their Music 1968-1980, Backbeat Books, ISBN 9780879308711 Han inneheld òg ein gitarpause der Jimmy Page spelar fire taktar aleine før han set i gang igjen soloen.

Led Zeppelin spela «I Can't Quit You Baby» mykje på konsertar frå 1968 til tidleg i 1970.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. ot to konsertopptak frå 1969 finst på Led Zeppelin BBC Sessions. Ei utgåve av songen den 9. januar 1970 frå Royal Albert Hall finst på Led Zeppelin (DVD) (ei forkorta utgåve av denne framføringa finst på Coda frå 1982).

Andre versjonar 1989: Nine Below Zero (Live at the Venue) 1990: Dread Zeppelin (Un-Led-Ed) 1999: Todd Wolfe (Live from Manny's Car Wash) 2002: Lennon Page (L.A. Rockabilly Blues) 2004: Gary Moore (Power of the Blues) 2006: Mike Manne and Tiger Blues (Mr. Blues and I)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Can't Quit You Baby» frå , den 21. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, by Chris Welch, ISBN 1-56025-818-7 The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, by Dave Lewis, ISBN 0-7119-3528-9

Kategori:Songar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Otis Rush-songar Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Willie Dixon-songar Kategori:Bluessongar Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:John Mayall & the Bluesbreakers-songar