mini|Rikene på den austlege halvkula i 1100. < 1100-talet > viser til hundreåret frå 1100 til 1199 i den julianske kalenderen.

I europeisk historie er perioden rekna som del av høgmellomalderen, og var eit høgdepunkt for cistersiensarordenen. Fleire krosstog fann stad i dette tidrsommet, det første like før 1100-talet tok til, det andre ved midten og tredje mot slutten. Også det norske krosstoget leidd av Sigurd Jorsalfare og det mindre krosstoget i 1101 fann stad no.

I Noreg braut Borgarkrigstida ut etter at Sigurd Jorsalfare døydde.

Georgia blei gjenreist som rike av kong David IV «Byggherren» (1073–1125).

I Midtausten blei det egyptiske fatimide-dynastiet teke over av ayyubidane under Saladin.

Khmer-riket i noverande Kambodsja hadde ei blomstringstid.

Kina under Song-dynastiet blei svekka og splitta av jursjenar-åtak.

Kamakura-shogunatet tok makta frå keisaren av Japan mot slutten av hundreåret.

I den noverande Sørvestregionen av USA tok ein lang tørkeperiode til rundt midten av hundreåret. Anasazi-kulturen ved Chaco Canyon braut saman 1140–1150.

Kategori:Hundreår