«Hats Off to (Roy) Harper» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det er den siste songen på albumet Led Zeppelin III frå 1970. På songen spelar Jimmy Page slidegitar medan Robert Plant syng gjennom ein tremolo. Songen vart på albumet oppført som «arrangert av Charles Obscure», som var eit psevdonym for Page.

Songen er ein medley av forskjellige bluessongar og tekstar, som «Shake 'Em on Down» av Bukka WhiteDave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Songen er derfor både ei hyllest til den samtidige visesongaren Roy Harper og den viktige amerikanske bluesartisten som spelte inn musikk i 1960-åra.

Roy Harper er ein visesongar frå England som Jimmy Page møtte på Bath-festivalen i 1970. Han vart nær ven av bandet, som inviterte han med som oppvarming på nokre seinare Led Zeppelin-konsertar. I 1971 spela Page på Harper-albumet Stormcock, som «S. Flavius Mercurius». Harper song seinare solovokal på Pink Floyd-songen «Have a Cigar» frå Wish You Were Here i 1975. I 1985 spela Page inn eit album med Harper kalla Whatever Happened to Jugula?. Harper forklarte:

«Hats Off to (Roy) Harper» startar med eit rart lydklipp frå studioinnspelinga. Songen vart gjeven ut som singel i Polen med «Out on the Tiles» som B-side.

Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hats Off to (Roy) Harper» frå , den 23. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Led Zeppelin-songar