«The Song Remains the Same» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Songen opnar albumet deira Houses of the Holy frå 1973.

Oversyn Songen inneheld mange lag med gitar av Jimmy Page, spela på ein Gibson EDS-1275 dobbelhalsa 12-strengsgitar på konsertane,Interview with Jimmy Page , Guitar World 1993 og vokal av songar Robert Plant. Dette var plant si hyllest til verdsmusikk, og synte trua hans om at musikk er universell.

Songen var opphavleg ein instrumental med arbeidstittelen «The Overture»,Dave Schulps, Interview with Jimmy Page , Trouser Press, oktober 1977. før Plant skreiv tekst til han. Han var då ei kort stund kjend som «The Campaign» før bandet kom fram til «The Song Remains the Same».Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. I eit intervju med Guitar World i 1993, diskuterte Page oppbygginga av songen:

Dei sette opp farten på vokalsporet til Plant noko på albumet.

Bandet spela først songen på konsert i Japan i 1972. Piratkopiopptak frå turneen viser at songen då enno ikkje hadde tittel, og Plant introduserte songen som «Zep». Som på albumet glei songen seinare direkte over i «The Rain Song». «The Song Remains the Same» var opningssongen på den amerikanske turneen i 1977 og konsertane i 1979, men vart droppa frå setlista i 1980. Songen vart òg framført på attforeingskonserten til Led Zeppelin i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

«The Song Remains the Same» er med i konsertfilmen (og det tilhøyrande albumet) med same namn.

Songen vart òg gjeven ut på singel i Thailand med «The Ocean» og «Dancing Days» som B-side.

Medverkande Robert Plant - solovokal Jimmy Page - elektrisk gitar John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer

Andre versjonar 1991: Dread Zeppelin (5,000,000) 1995: Dream Theater (A Change of Seasons EP, medley) 1997: Jason Bonham Band (In the Name of My Father - The Zepset) 2000: Dennis Caplinger (Bluegrass Forever) 2000: various artists (Pickin' on Zeppelin: A Tribute) 2007: Led Zepagain (Led Zepagain II: A Tribute to Led Zeppelin) 2007: Letz Zep (Letz Zep II: Live in London) 2008: Gov't Mule (Holy Haunted House [konsert 2007])

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Song Remains the Same (song)» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Songar om musikk Kategori:Metasongar