«Bron-Yr-Aur» er ein akustisk gitarmelodi av det engelske rockebandet Led Zeppelin, og med ei lengd på to minuttar og seks sekund, den kortaste songen dei gav ut. Han vart opphavleg skriven og spelt inn i 1970 av Jimmy Page under innspelinga av albumet Led Zeppelin III, men kom ikkje ut før i 1975 på Physical Graffiti. Han er kalla opp etter Bron-Yr-Aur, ei hytte i Gwynedd i Wales, der medlemmar i Led Zeppelin kvilte ut under innspelinga av Led Zeppelin III.Phil Sutcliffe, "Back to Nature", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 34. («Bron-Y-Aur Stomp» er ein annan song frå Led Zeppelin III.)

«Bron-Yr-Aur» er eit tankefullt og avslappande stykke og ein av dei siste akustiske songane bandet gav ut. Songen vart sjeldan spelt på konsertane til Led Zeppelin, men finst på enkelte piratkopiopptak frå den amerikanske turneen deira i august og september 1970, då han stundom vart spela som ein del av det akustiske settet deira.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.

Medverkande Jimmy Page - akustisk gitar

Andre versjonar 1994: Richard Gilewitz (Voluntary Solitary) 1995: Michael White & The White (Plays the Music of Led Zeppelin) 1998: Top Banana (Before the Balloon Went Up) 2001: Robert John Ward, Jr. (Both Sides of the Story) 2001: Richard DeVinck (Going to California) 2002: The Section (The String Quartet Tribute to Led Zeppelin, Vol. 2) 2004: Jeff Lawrence (Heart of the Son)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bron-Yr-Aur (instrumental)» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar produserte av Jimmy Page