Interrobang, ‽, spørjeropsteiknet, er eit moderne og sjeldant brukt skiljeteikn i typografien. Teiknet er ei blanding av eit utropsteikn og eit spørjeteikn, og tyder det same som begge desse teikna brukt etter kvarandre, ein kombinasjon ofte brukt i uformell tekst. Til dømes vil Kva?! kunne erstattast av Kva‽.
Teiknet blei laga i 1962 av den amerikanske reklamemannen Martin K. Speckter, som håpte å kunne lage reklametekstar med eit sterkare uttrykk.
Å lage teiknet Teiknsett Få skriftfamiliar har spørjeropsteiknet, mellom desse er: Arial Unicode MS: ‽ Palatino Linotype: ‽ Lucida Sans Unicode: ‽ Per 23. november 2016 følgjande Google Web Fonts: Source Sans Pro, EB Garamond, News Cycle, Cantarell, Nova Mono og GFS Neohellenic.Google Source Sans Pro, EB Garamond, News Cycle, Cantarell, Nova Mono, GFS Neohellenic
Unicode Spørjeropsteiknet er del av Unicode-kodeblokka «General Punctuation» (generell teiknsetting – U+2000–U+206F) og har Unicode-koden U+203D.
HTML For å generere spørjeropsteiknet i HTML kan ein nytte koden <span style="font-family:'Arial Unicode MS';">‽</span>, der "‽" er spørjeropsteiknet sin Unicode–HTML-kode. Alternativt kan ein nytte pseudo-element i CSS og referere til ein klasse i HTML slik:<head> <style> .interrobang { /* Eller eit kva som helst anna navn, f.eks. «.spørjerop» */ font-family: "Arial Unicode MS" /* Kan erstattast med skriftene som lista over */
.interrobang::after { content: "\203d"
</style> </head>
<body> <p>Då eg overraska kompisen min, ramla du ut av han eit <q><span class="interrobang">Kva</span> <span class="interrobang">Er du her</span></q> </body>Dette vert rendra slik:Då eg overraska kompisen min, ramla du ut av han eit «Kva‽ Er du her‽»
Kjelder
Kategori:Skiljeteikn