RS 59 «Tønnes Puntervold» var ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet. Ho vart overlevert frå Elvestad Mek. Verksted i Skien, som bygde henne, 21. mai 1958. «Tønnes Puntervold» var den første av i alt seks 55 fots stålskøyter som vart bygde kring 1960.

Redningsselskapet gav skøyta namn eller Tønnes Puntervold, kjøpmann frå Eigersund, som frå 1850-talet gjorde mykje for redningssaka i Noreg.

Under teneste for Redningsselskapet redda «Tønnes Puntervold» 8 menneske frå ein sikker daude. 534 fartøy fekk assistanse.

I 1990 vart ho seld til redningsselskapet sin systerorganisasjon i Sverige; Svenska Sällskapet för Räddning af Skeppsbrutne. Dei selde henne i 1997 vidare til Jonas Moberg i Stockholm. Ho hadde då namnet «Tønnes».

Kjelder Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002 nssr.no

Tønnes Puntervold Kategori:Skip frå 1958