Jump blues er ein livleg, rask blues vanlegvis spelt av små band med blåseinstrument. Han var særs populær i 1940-åra. I nyare tid har det vore fornya interesse i jump blues som ein del av swing revival.
Opphav Jump blues vart utvikla av storband som banda til Lionel Hampton og Lucky Millinder. Desse spelte tidleg i 1940-åra og produserte musikarar som Louis Jordan, Jack McVea, Earl Bostic og Arnett Cobb.Dietsche, s. 9–10
Blues og jazz var ein del av den same musikalske verda, og mange dyktige musikarar stod i begge leirar.Wald, s. 198 Jump blues, eller berre «jump», var ei utviding av boogie woogie-bølgja.Cohn & Humphrey, s. 176 Jump-band som Tympany Five, som starta samstundes med at boogie woogie igjen vart populært, fekk maksimal effekt med ein eight-to-the-bar boogie-woogie-stil.Dietsche, s. 9
Ei tidleg jump blues-innspeling er «Boogie Woogie Bugle Boy» (1941) av The Andrews Sisters.
Lionel Hampton spelte inn ein livleg storband-blues, «Flying Home», i 1942. Han har ein sordin, skrikande tenorsaksofon og songen var ein hitt i «rasekategorien».Palmer, s. 134 Då han kom ut skildra Billboard melodien som «ein uvanleg swingete song»Billboard June 17, 1944 carries an ad clearly listing Goodman as co writer of the song. s. 18.
Både Hampton og Jordan kombinerte den populære boogie woogie-rytmen, ein meir bestemt versjon av saksofonstilen frå swing-tida som ein kan høyre med Coleman Hawkins og Ben Webster, og leikande, muntre tekstar eller verbale merknader. Etter kvart som denne jazz-baserte musikken vart meir populær, byrja både bluesartistar og jazzmusikarar som ønskte å «spele for folket» å nytte ein tung, pågåande rytme.
Jump oppnår med tre blåseinstrument og ein rytmeseksjon det eit storband gjer med eit ensemble på seksten. Tenorsaksofonen er det mest markante instrumentet i jump.Dietsche, s. 11
Jump var enormt populært seint i 1940-åra og tidleg i 1950-åra med artistar som Louis Jordan, Big Joe Turner, Roy Brown, Billy Wright og Wynonie Harris.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jump blues» frå , den 29. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Richie Unterberger: Jump Blues på Allmusic.com
Kategori:Musikksjangrar innan blues