Tianjin (, Tientsin) er ein av fire byar som er direkte underlagt sentralstyresmaktene i Folkerepublikken Kina. Han ligg i Nordaust-Kina, der fem elvar renn saman og dannar Hai He. Tianjin var tidlegare ein del av provinsen Hebei og grensar til Hebei på alle sider, bortsett frå i nordvest der Beijing ligg.

Næringsliv Tianjin består stort sett av sletteland. Her vert dyrka korn, jordnøtter, linfrø, grønsaker og frukt. Her finst også oljeproduksjon, saltutvinning, og ulike typar industri, særleg maskinproduksjon av ulikt slag. Her er også mykje skipstrafikk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Kina Kategori:Hamnebyar i Kina Kategori:Administrative einingar på provinsnivå i Kina