Unicorn er det tredje studioalbumet til den engelske psykedelisk folk-gruppa Tyrannosaurus Rex (seinare kjend som T. Rex). Det kom ut 16. mai 1969 på Regal Zonophone og Blue Thumb, og var det siste Tyrannosaurus Rex-albumet med Steve Peregrin Took.

Innhald og musikk

Unicorn vart spelt inn med Marc Bolan på vokal, gitar, orgel og phonoviolin og Took på perkusjon, bass og piano. På baksida av plateomslaget kan ein sjå Bolan og Took omgjeve av bøker relevante til temaet i songane. Det var mellom andre bøker av William Blake og fotografi av Cottingley Fairies, ein kjend sak om to barnefotografi av påståtte alvar teken nær heimen deira i Yorkshire.

I mellom dei to siste songane på albumet, «The Misty Coast of Albany» og «Romany Soup», les John Peel ei kort soge skriven av Bolan.

Bolan eksperimenterte med ein elektrisk gitar for første gongen på plate og Took spelte mindre congotrommer og meir trommer på dette albumet.

Utgjeving Unicorn kom ut 16. mai 1969 på Regal Zonophone i Storbritannia og Blue Thumb i USA. Det var det første albumet deira som kom ut i USA. Det nådde 12. plassen på UK Albums Chart.

Unicorn var det siste Tyrannosaurus Rex-albumet med Took. Bolan sparka han etter å ha nekta å inkludere songane til Took på det neste albumet.Marc Bolan - The Final Word documentary, BBC, 2007 - comments by Tony Visconti at 27:42 point of video

I 2004 vart albumet ommastra og gjeve ut på ny på A&M Records.

Mottaking

I ei seinare melding roste AllMusic mange av songane og skreiv at «Cat Black» «opptrer som ein tapt Spector-klassikar, med apoplektisk perkusjon og eit positivt og svevande, ordlaust refreng». Dei skreiv vidare at somme av songane kom før den komplette overgangen frå akustisk til elektrisk musikk og at ein med dette kunne «høyre framtida».

Låtskrivaren og musikaren Luke Haines frå The Auteurs kalla albumet «genialt» og hylla bidraga til Took på albumet.Haines, Luke «Auteur to Author». Recordcollectormag.com. 15. juli 2021. Henta 15. juli 2021

Innhald

Medverkande Tyrannosaurus Rex Marc Bolan - akustisk og elektrisk gitar, solovokal, harmonium, orgel, phonoviolin Steve Peregrin Took - trommer, bongotrommer, korvokal, afrikansk snakkande tromme, bass, piano Andre Tony Visconti - produksjon, piano (A5) John Peel - forteljing (B8)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Unicorn» frå , den 15. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:T. Rex-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Album produserte av Tony Visconti Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:Regal Zonophone Records-album Kategori:Blue Thumb Records-album