mini|Stjerna til Arnold Schwarzenegger på Hollywood Walk of Fame. mini|Signaturen til Arnold Schwarzenegger Arnold Alois Schwarzenegger () er ein austerriksk-amerikansk kroppsbyggjar, skodespelar og politikar. Frå 17. november 2003 til 3. januar 2011 var han guvernør i California i USA, der han er busett. Han har både austerriksk og amerikansk statsborgarskap.

Guvernør i California Arnold Schwarzenegger vart vald til guvernør i California den 8. oktober 2003 etter at eit opprop mot den sitjande guvernøren Gray Davis skaffa nok underskrifter til å skriva ut nyval. Schwarzenegger stilte til val som republikanar. Resultatet vart at 55,4 % av veljarane røysta for å kasta Davis, og at 48,6 % røysta for at Schwarzenegger skulle koma i staden.

Som guvernør kom Schwarzenegger i konflikt med delstatsforsamlinga i California, som hadde overvekt av demokratar i båe kammera, mellom anna kalla han dei demokratiske politikarane for «girlie men» («jentemenn»). I 2005 gjekk Schwarzenegger på eit nederlag då fire lovforslag frå han var oppe til folkerøysting og alle fire vart nedsrøysta. Etter dette nederlaget gjekk Schwarzenegger inn mot det politiske sentrumet og la seg på ei ny line med mindre konfrontasjon ovanfor delstatsforsamlinga. Han tilsette ein demokrat, Susan Kennedy, som leiar for staben sin. Ved det ordinære guvernørvalet i november 2006 hadde Schwarzenegger vunne att mykje av tillita mellom veljarane og han slo motkandidaten Phil Angelides, finansminister i California, med 56 % av røystene.

Schwarzenegger vert rekna til den liberale fløya mellom republikanarane, og har som guvernør engasjert seg sterkt for miljøvern og reduksjon i klimautslepp.

Det har vorte spekulert i om nokre av republikanarane vil ha Schwarzenegger som ein framtidig presidentkandidat, men då er det kravd eit grunnlovsbrigde, sidan Schwarzenegger ikkje er fødd i USA. Han er dobbelt austerriksk og amerikansk statsborgar, den amerikanske statsborgarskapen fekk han i 1983. I 2008 var han aktiv i valkampen for den republikanske presidentkandidaten John McCain.

Kroppsbyggjar Han har teke del i 22 kroppsbyggingskonkurransar og vunne Mr. Universe fem gonger og Mr. Olympia sju gonger. Då det var lovleg brukte han anabole steroidar.

År Tittel Stad Plass 1965 Junior Mr. Europe 1 1966 Best Built Man of Europe 1 1966 Mr. Europe 1 1966 International Powerlifting Championship 1 1966 NABBA Mr. Universe amateur 2 1967 NABBA Mr. Universe amateur 1 1968 NABBA Mr. Universe professional 1 1968 German Powerlifting Championship 1 1968 IFBB Mr. International 1 1968 IFBB Mr. Universe 2 1969 IFBB Mr. Universe 1 1969 NABBA Mr. Universe professional 1 1969 Mr. Olympia 2 1970 NABBA Mr. Universe professional 1 1970 Mr. World 1 1970 Mr. Olympia 1 1971 Mr. Olympia 1 1972 Mr. Olympia 1 1973 Mr. Olympia 1 1974 Mr. Olympia 1 1975 Mr. Olympia 1 1980 Mr. Olympia 1

Privatliv Faren til Schwarzenegger, Gustav Schwarzenegger, var politisjef (gendarmerikommandant).

26. april 1986 gifte Schwarzenegger seg med TV-journalisten Maria Shriver, niese av den tidlegare amerikanske presidenten John F. Kennedy, i Hyannis i Massachusetts. Presten Rev. John Baptist Riordan utførte viinga i St. Francis Xavier Roman Catholic Church.

Paret har fire born: Katherine Eunice Schwarzenegger, fødd 13. desember 1989 Christina Maria Aurelia Schwarzenegger, fødd 23. juli 1991 Patrick Arnold Schwarzenegger, fødd 18. september 1993 Christopher Sargent Shriver Schwarzenegger, fødd 27. september 1997

Filmografi 1970: Hercules in New York 1973: The Long Goodbye 1974: Happy Anniversary and Goodbye 1976: Stay Hungry 1977: Pumping Iron 1979: The Villain 1979: Scavenger Hunt 1980: The Jayne Mansfield Story 1982: Conan the Barbarian 1984: Conan ødeleggeren 1984: The Terminator 1985: Red Sonja 1985: Commando 1986: Raw Deal 1987: Predator 1987: The Running Man 1988: Red Heat 1988: Twins 1990: Total Recall 1990: Kindergarten Cop 1991: Terminator 2: Judgment Day 1993: Last Action Hero 1994: True Lies 1994: Junior 1994: Beretta's Island 1996: Jingle All the Way 1996: Eraser 1997: Batman & Robin 1999: End of Days 2000: The 6th Day 2001: Dr. Dolittle 2 2002: Collateral Damage 2003: The Rundown 2003: Terminator 3: Rise of the Machines 2004: Around the World in 80 Days 2005: The Kid & I 2008: Crood Awakening 2009: Terminator Salvation 2010: The Expendables

Kategori:Austerrikske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Austerriksk-amerikanarar Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:Guvernørar i California Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:USA-amerikanske velgjerarar