Hans Kristensen Horgen () var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Sem i Vestfold.
Horgen var son til ein gardbrukar. Han vart seminarist frå Slagen lærarskule i 1856, og var lærar ved same skulen frå 1858 til -65. Sidan var han gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret i mange år, ei tid ordførar. Elles var han medlem av forlikskommisjonen og av amtsskulestyret, der han òg var formann, samt mange andre verv.
Horgen representerte Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1874-76 og 1883-91. I sin fyrste stortingsperiode var han medlem av protokollkomiteen. Seinare var han medlem av budsjettkomiteen 1883-85 og jarnbanekomiteen 1886-91, samt av valkomiteen 1889-91. Den siste valbolken, 1889-91, var han òg sekretær i Lagtinget.
Horgen døydde på garden sin i Sem i 1911.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Ordførarar i Sem Kategori:Folk frå Tønsberg