Oluf Steen Julius Berner () var ein norsk jurist og embetsmann frå Larvik. Han var far til Carl Berner.

Far til Berner var kjøpmann og skipsreiar. Sjølv vart han student i 1828 og cand. jur. i 1832. Dei neste åra arbeidde han i embetsverket, frå 1839 var han overrettsprokurator i Akershus stift. Tida 1844-49 var han byfut og postmeister i Molde. Sidan var han assessor (dommar) ved stiftsoverretten i Kristiansand.

Berner var 1. representant for Kristiansand på Stortinget 1854, medlem av justiskomite nr 1.

Han døydde i Kristiansand hausten 1855, kort tid etter han hadde berga seg i land frå dampskipet «Norge» då dette kolliderte med eit anna dampskip, «Bergen».

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Folk frå Larvik