mini|Markus blei pave dette året. 336 (romartal CCCXXXVI) var eit skotår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen. I Romarriket var det kjent som året då Nepotianus og Facundus var konsular, eller sjeldnare år 1089 ab urbe condita.

Hendingar mini|Arius, grunnleggjaren av arianismen, som døydde i 336. 18. januar: Markus blei pave etter Sylvester.

Militærsigrane til keisar Konstantin første til at mesteparten av Dakia blei gjenerobra av Romarriket.

Keisar Konstantin kalla presten Arius, som var blitt forvist for vranglære, tilbake til Konstantinopel. Før han blei formelt gjenoppteke i kyrkja døydde Arius plutseleg. Nokre tolka dette som at han var blitt fordømd av Gud, andre at motstandarane hans hadde forgifta han.

Ein romersk almanakk frå dette året er den eldste nedteikninga av at ein feira fødselen til Jesus (juledag) den 25. desember.

Fødde Hanzei, keisar av Japan Murong De, keisar Xianwu av Yan Richu, keisar av Japan

Døde Arius, egyptisk prest som grunnla arianismen

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «336» frå , den 5. januar 2010.