Halfdan Torp () var ein norsk sakførar og stortingsmann, fødd i Innvik i Nordfjord.
Torp var son til ein offiser. Sjølv vart han student frå Bergens katedralskule i 1868 og cand. jur. i 1872. Deretter var han eit par år fullmektig hos sorenskrivaren i Nedre Romerike, frå 1875 sakførar i Risør. Han var i fleire år medlem av bystyret i Risør, ei tid varaordførar. Tida 1876-82 redigerte han også 'Nedenes Amtstidende'.
Torp møtte 1885-sesjonen på Stortinget, i staden for Søren Hille. Han var då fyrste varamann frå Risør. I den neste perioden var han byen sin faste representant på tinget. I 1885 var han medlem av jarnbanekomiteen, 1886-88 av næringskomite nr 2.
Han døydde i 1888, under stortingsopphaldet i Kristiania.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske advokatar Kategori:Folk frå Stryn