Jermaine La Jaune Jackson () er det fjerde eldste barnet i familien Jackson frå Gary, Indiana, og ein av medlemene i The Jackson 5. Han er mest kjend som songar, men spelar også el-gitar og bassgitar.
Biografi
Jermaine var med i The Jackson 5 heilt frå byrjinga, men trekte seg i 1975 for å driva solokarriere. Han vart då erstatta av veslebroren Randy Jackson. Jermaine vart med att ein periode ifrå 1984 fram til bandet meir eller mindre gjekk i oppløysing. Jackson voks opp som Jehovas vitne, men har i vaksen alder konvertert til islam. Han har sju born med 3 ulike kvinner.
Diskografi
Som soloartist gav han ut si fyrste plate i 1972, og fram til i dag har han gjeve ut i alt tjue album, 13 studioplater og 7 samleplater.
Jermaine (1972) Come Into My Life (1973) My Name Is Jermaine (1976) Feel The Fire (1977) Frontiers (1978) Let's Get Serious (1979) Jermaine (1980) I Like Your Style (1981) Motown Superstar Series, Vol. 17 (1981) Let Me Tickle Your Fancy (1982) Dynamite (1984) Precious Moments (1986) Don't Take It Personal (1989) You Said (1991) Greatest Hits & Rare Classics (1991) Dynamite - The Encore Collection (1999) The Heritage Collection (2000) Ultimate Collection (2001) Big Brother Jermaine - The Jermaine Jackson Collection (2007) Greatest Hits (2009)
Kjelder Engelsk Wikipedia om Jermaine Jackson, henta inn 4. april 2011.
Bakgrunnsstoff
kategori:Folk frå Indiana kategori:USA-amerikanske songarar kategori:USA-amerikanske gitaristar kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:The Jackson 5-medlemmer