Laurent Gbagbo () er ein ivoriansk politikar. Han var president i Elfenbeinskysten frå 2000 til han vart arrestert i 2011. Gbagbo skulle eigentleg ha gått av då han tapte presidentvalet til Alassane Ouattara i november 2010. Då han nekta å gje frå seg makta, førte dette til valdeleg opprør, på grensa til borgarkrig i Elfenbeinskysten.

Unge år Gbagbo voks opp i delstaten Gagnoa i Elfenbeinskysten. Han utdanna seg til professor i historie, og viste seg som motstandar av regimet til den dåverande presidenten Félix Houphouët-Boigny. Frå 1971 til 1973 sat Gbagbo i fengsel for meiningane sine. Etter dette tok han doktorgrad ved Université Paris Diderot i Paris, og vart direktør for instituttet for historie, kunst og afrikansk arkeologi ved Universitetet i Abidjan i 1980. Kandidat for FPI mini|venstre|President Laurent Gbagbo i oktober 2007. Etter ein fagforeiningskarriere gjekk Gbagbo i eksil i Frankrike i 1982 og vart der til 1988. Det året vendte han attende til heimlandet og vart vald til generalsekretær for partiet Ivorian Popular Front (FPI). I 1990 stilte Gbagbo til val, og då fleirpartisystemet nett var innført, var han den einaste alternative presidentkandidaten til Houphouët-Boigny. Han fekk 18 % av stemmene i det valet. Same året vart han røysta inn i nasjonalforsamlinga saman med åtte andre FPI-medlemer. I 1992 vart han igjen dømd til fengselsstraff for å hissa til opptøyer, men vart lauslaten seinare same året.

Valet i 2000

I 1993 døydde president Félix Houphouët-Boigny, og overlét makta til Henri Konan Bédié. Han vart sitjande fram til 1999, då Robert Guéï tok makta ved eit kupp. Gbagbo stilte som presidentkandidat i valet i 2000. Guéï hadde nekta både Alassane Ouattara og Henri Konan Bédié å stilla til val, og Gbagbo vart difor einaste verkelege alternativ. Guéï utropte seg sjølv til valvinnar, men Gbagbo meinte at det var han som var vinnar, med 59,4 % av stemmene. Det braut ut opprør i Abidjan, Guéï flykta og Gbagbo vart president i år 2000.

Borgarkrig og nytt val

I 2002 forsøkte eit nytt kupp å ta makta frå Gbagbo, men misluktest. I kjølvatnet av dette braut borgarkrigen i Elfenbeinskysten ut. På grunn av krigen vart neste presidentval stadig utsett, og vart ikkje halde før i november 2010. Alassane Ouattara vann med 54 % av stemmene, men Gbagbo skuldar på valfusk. Internasjonale observatørar meiner derimot at valet var rettferdig. Etter dette har det brote ut uro og valdshandlingar i Elfenbeinskysten, på grensa til borgarkrig. Mange aktørar har vore involvert. Pågriping i 2011 11. april kom meldinga om av Laurent Gbagbo hadde vorte pågripen av franske spesialstyrkar.Aftenposten, 11.04.11: Laurent Gbagbo pågrepet av spesialstyrker. Han vart sett i husarrest den 11. april 2011. I oktober 2011 sette Den internasjonale straffedomstolen i gang etterforsking av valdshandlingane som fann stad etter valet. Straffedomstolen send ut arrestordre på Gbagboa. Han vart anklaga for brotsverk mot menneskja, nærare bestemt drap, valdtekt og andre former for seksuell undertrykking, forfølging og «andre umenneskelege handlingar» begått mellom 16. desember 2010 og 12. april 2011. Gbagbo vart arrestert i Korhogo og sett på et fly til Haag. Gbagbo var den fyrste tidlegare statsleiaren som vart stilt for retten av den den internasjonale straffedomstolen .Ivory Coast's ex-leader Gbagbo on flight to Hague – Vancouver Sun

5. desember 2011 vart Gbagbo framstilt for retten for å fastslå identiteten hans og for å informera han om rettane hans og anklagen mot han.

I januar 2018 frikjende den internasjonale straffedomstolen Gbagbo for anklagene om brotsverk mot menneskja. I påvente av ein eventuell anke bestemte domstolen at Gbagbo skulle setjast fri på vilkår om at han oppheldt seg på avtalt stad og møtte i retten om det var nødvendig.

I mars 2021 opprettheldt appelldomstolen til ICC frikjenninga, og i juni 2021 vendte Gbagbo heim til Elfenbeinskysten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Laurent Gbagbo» frå , den 5. april 2011.

Kategori:Ivorianske politikarar Kategori:Ivorianske presidentar