Hjalmar Andreas Georg Johannes Løberg () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Vikedal i Ryfylke. Ole Løberg var far hans.

Løberg var berre 17 år gammal då han i 1848 vart gardbrukar på Solheim i Årstad i Hordaland, i dag i Bergen by. Han var medlem av heradsstyret og ordførar i Årstad i fleire år, også forlikskommissær.

Løberg hadde fast sete for Søndre Bergenhus amt på Stortinget i perioden 1868 til -82. Perioden 1883-85 var han 1. varamann og møtte heile 1883-sesjonen for Nils Juel, og tida 2. juli 1884 til 13. april 1885 i staden for Baard Haugland som hadde vorte statsråd. Mest heile tida frå 1868 til -83 var han medlem av næringskomite nr 1, perioden 1877-79 var det berre ein næringskomite, han var med i denne òg. Medlem av valkomiteen frå 1874 og alle seinare tingsamlingar han var med på. Elles med i røysterettskomiteen 1877-79 og skattekomiteen 1882. Både i 1883 og 1885 var han medlem av Lagtinget.

Løberg vart tiltala for «majestætsforbrydelse» for ein artikkel han skreiv i avisa «Hardanger» i 1877, i samband med at Johannes Johannesson Aga fekk ein medalje for sitt arbeid som landbrukar. Han vart då dømt til fengselstraff.

Han døydde på garden sin i Årstad i 1906.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Vindafjord