Johannes Tørrissen Worum, () var ein norsk lærar og stortingspolitikar frå Ytterøy i Nord-Trøndelag. Worum var son til stortingsrepresentant Tørris Johnsen Worum og Ingebor Olsdatter.
Worum gjekk ut frå Asker seminar i 1839, og var frå 1840 kyrkjesongar i heimbygda Ytterøy til han døydde. Tida 1840-62 var han også lærar. Han var kommunekasserar i Ytterøy 1845-73 og ordførar for heradet 1848-51 og 1856-59. Dessutan var han forlikskommissær frå 1856 og styreformann for den lokale sparebanken frå 1862.
Worum hadde sete på Stortinget i 1854 og 1859-60 som representant for Nordre Throndhjems Amt. I 1854 var han medlem av budsjettkomiteen, og i 1859-60 av justiskomite nr 2. Ved stortingsvalet mellom dei to tingsamlingane han deltok på, vart han vald til 1. varamann.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Ordførarar i Ytterøy Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Levanger