Erik Münster () var ein dansk lege og forfattar av bøker og legespalter i aviser og vekeblad. Dr. Erik Münster har gjennom sine faste spalter i fleire år gitt vanlege menneske over heile Skandinavia høve til å få forståelege og oppmuntrande svar på kompliserte, medisinske spørsmål.

Münster var fødd i København og ferdig utdanna til lege frå Københavns universitet i 1958. Han spesialiserte seg i øyre-, nase- og halssjukdomar og vart i 1969 spesiallege. I åra 1958 til 1975 arbeidde han som sjukehuslege. Frå 1975 og fram til 1996 hadde han sin eigen spesialpraksis i øyre-, nase-, halssjukdomar i den danske hovudstaden.

Ved sida av arbeidet som lege, har Münster sidan 1950-åra hatt ei omfattande verksemd som skribent og brevkasseredaktør ved ei rekkje danske og utanlandske dagsaviser og vekeblad. Münster er i Danmark mest kjend for spalta si om sex og samliv i Ekstra Bladet og for brevkassa i vekebladet Familie Journal. I Noreg har artiklane til doktor Münsters vore publiserte i vekebladet Allers og dagsavisene Telemarksavisa og Bergensavisen.

I 1992 mottok doktor Münster Ekstra Bladets høgste heider for sitt journalistiske virke, Victor-prisen.

Erik Münster gifte seg i 1961 med sjukepleiar Elly Münster. Saman har dei borna Charlotte og Henrik. Sonen Henrik har følgt i fotspora til faren sin og arbeider som lege. Saman med kona Anna-Marie, som også er lege, skreiv dei ei tid legespalte i vekebladet Ude og Hjemme.

Doktor Münster har ein fanklubb i Bergen som heiter Doktor Münsters medisinske samfunn, avdeling Bergen.

Litteratur Bøker skrivne av Erik Münster. Fleire av bøkene er omsett til andre språk som norsk, svensk og islandsk.

I fin form ved rattet (1960) Tjen Penge ved fotografering (1961) Lær at leve med Deres sygdom (1964) Menneskelegemet, Naturens mesterværk (1966) Narkotika, Sandheden om de euforiserende stoffer (1967) Napoleon - mennesket, elskeren og patienten (1969) Kønssygdomme (1970) Sygdomme i øre, næse, mund og hals (1970) Lægebrevkassen (1970) Underlivssygdomme hos kvinder (1970) Det Bedstes store lægebog (1973) Er det noe i veien med magen? (1973) Mine kære patienter (1978) Amerikanske præsidenter (1984) Kronede hoveder (1984) Peter Asschenfeldts lægeleksikon i 10 bind (1986-1988) Mavesygdomme (1987) Prostata, undgå kniven (1995) Seksualitet og samliv - en gennemgang af seksualitetens glæder og problemer (1997)

I tillegg har Erik Münster vore redaktør og medforfattar i andre publikasjonar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Artikkel i Ekstra Bladet i forbindelse med Münsters bortgang. Doktor Münsters medisinske samfunn, avdeling Bergen Danmarks Radios omtale i samband med 75-årsdagen. Artikkel om Erik Münster hos Dagbladenes Bureau Artikkel fra Information i samband med Münsters 80-årsdag. Artikkel i Den store danske - Gyldendahls åbne encyclopædi

Kategori:Danske legar Kategori:Danske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå København