«You Won't See Me» er ein song av The Beatles, frå albumet Rubber Soul. Han er tilskriven Lennon/McCartney, men vart i røynda skriven av Paul McCartney. Dette er ein av få songar der McCartney syng lågare harmoni, medan Lennon og Harrison syng den høgare harmonien i lag.

Historie Songen er om ei krise i forholdet til den dåverande kjærasten til McCartney, Jane Asher. Ho slutta å ringe attende til han og ignorerte han ein periode. Den meir bitande tonen i songen markerer ei endring frå tidlegare, lykkelegare kjærleikssongar. «You Won't See Me» vart innspelt under den siste innspelingsdagen for Rubber Soul. Med ei lengd på 3:22 var songen den lengste The Beatles hadde spelt inn til då og markerte ein trend Bob Dylan og andre starta på denne tida med å skrive lengre songar.

Mal «Organ» Evans (ein av roadieane til Beatles gjennom heile karrieren deira) spelte hammondorgel på denne songen.

Medverkande Paul McCartney – Solovokal, bass, piano George Harrison – korvokal, sologitar John Lennon – korvokal Ringo Starr – trommer, tamburin Mal Evans – Hammondorgel

Annne Murray-versjonen I 1974 vart «You Won't See Me» ein stor hit for Anne Murray, og nådde 8. plass på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Billboard Easy Listening singles-lista. Lennon fortalte Murray at versjonen hennar av «You Won't See Me» var hans favoritt av coverversjonane av Beatles-songar.

Salslister

Vekeslister Liste (1974)PlasseringAustralia Kent Music Report 49Canada RPM Top Singles5Canada Adult Contemporary4New Zealand (Listener)13U.S. Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - 8U.S. Billboard Adult Contemporary1U.S. Cash Box Top 100 8

Årslister Liste (1974)PlasseringCanada Top Singles72U.S. Billboard Hot 10054U.S. Cash Box48

Andre versjonar

Songen vart spelt inn av Bryan Ferry på albumet These Foolish Things i 1973. Robert Palmer spelte òg inn ein versjon av songen.

The Bee Gees spelte songen i Australia i 1966 og vart sidan gjeven ut på albumet Inception/Nostalgia i 1970, som berre vart gjeven ut i Tyskland, Frankrike og Japan.

Billy Joel nytta ein kort del av songen i hans «All You Wanna Do Is Dance».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «You Won't See Me» frå , den 11. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1965 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Anne Murray-songar Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:The Bee Gees-songar