«You Are My Sunshine» er ein populær song først spelt inn i 1939. Han har status som ein av statsongane til Louisiana sidan han er tilknytt den tidlegare guvernøren og countryartisten Jimmie Davis. Songen har opphavsrett frå 1940 hos Peer International Corporation, med tekst og musikk av Jimmie Davis og Charles Mitchell.CD liner notes: Disney Children's Favorites 4, 1990 Disney Records I følgje ein artikkel frå 1990 av Theodore Pappas, vart den originale songen skriven av Oliver Hood.Rosemont Records: The 'Theft' of an American Classic
Historie To versjonar av «You Are My Sunshine» vart spelt inn og gjeven ut før Jimmie Davis-versjonen. Den første vart spelt inn for Bluebird Records den 22. august 1939 av The Pine Ridge Boys (Marvin Taylor og Doug Spivey), som var frå Atlanta.Russell, Tony, and Bob Pinson. Country Music Records: A Diskografi, 1921-1942 (Oxford: Oxford University Press, 2004), s. 697. Den andre vart spelt inn for Decca Records den 13. september 1939 av The Rice Brothers Gang.Russell, Tony, and Bob Pinson. Country Music Records: A Discography, 1921-1942 (Oxford: Oxford University Press, 2004), s. 746. Denne gruppa var opphavleg frå Nord-Georgia, men hadde flytta til Shreveport i Louisiana, der dei spelte på radiostasjonen KWKH i byen. Versjonen av Jimmie Davis vart spelt inn for Decca Records den 5. februar 1940.Russell, Tony, and Bob Pinson. Country Music Records: A Diskografi, 1921-1942 (Oxford: Oxford University Press, 2004), s. 304.
Davis og Charles Mitchell er tilskriven som låtskrivarar av «You Are My Sunshine». Davis kjøpte songen og rettane frå Paul Rice og sette sitt eige namn på han, noko som var ganske vanleg i musikkindustrien før den andre verskrigen. Somme tidlege versjonar av songen er tilskriven Rice Brothers. I følgje somme historier, var klarinettspelaren Pud Brown involvert i det første arrangementet til Rice Brothers.
Davis sa at han hadde likte songen særs godt og hadde prøvd å få fleire plateselskap til å spele han inn, utan hell, før han endeleg fekk spelt inn si eiga utgåve i 1940. Davis-versjonen vart populær og mange versjonar følgde, mellom anna av Bing Crosby og Gene Autry, som begge hadde store hittar med songen.
Davis la vekt på tilknytinga si til songen då han stilte som guvernørkandidat, og han song songen på alle møta under valkampen, medan han reid ein hest kalla «Sunshine».
Innspelingar «You Are My Sunshine» har vorte spelt inn fleire hundre gonger. Han vert i dag rekna som ein standardsong innan tradisjonell country og jazz. Tidlege versjonar vart spelt inn av Bing Crosby, Bob Atcher og Bonnie Blue Eyes, Gene Autry og the Airport Boys. Desse versjonane av songen låg inne på countrylista i over eitt år. Rock and roll-versjonar vart gjort av Tony Sheridan og Bill Haley & His Comets. Haley-versjonen vart spelt inn i 1969 og sungen av bassisten i bandet, Ray Cawley, men ikkje gjeven ut før tidleg i 1990-åra. Songen vart òg spelt inn av Johnny Cash, Bob Dylan, Brian Wilson, Trini Lopez, Ray Charles, Bryan Ferry og Aretha Franklin frå Aretha Arrives (1967), blant andre. Charles-versjonen vart den mest populære, kommersielt sett, og nådde førsteplassen på soul-lista og 7. plass på Billboard Hot 100, med ein melodi som likna lite på originalen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «You Are My Sunshine» frå , den 12. april 2011. oppgav desse kjeldene:
"Joel Whitburn's, Presents, Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004", 2004 (Record Research) s. 113
Kategori:Songar frå 1939 Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:Bill Haley-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Ray Charles-songar Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:Aretha Franklin-songar Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:The Marcels-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Cat Stevens-songar