Aleppo (, lokal uttale , tyrkisk Halep) er ein by nordvest i Syria og hovudstad i Aleppo guvernement, det folkerikaste guvernementet i landet. Fram til utviklinga av den syriske borgarkrigen i 2010-åra var Aleppo den største byen i Syria. Gjennom fleire hundreår var Aleppo også den største byen i regionen Syria og den tredje største i Det osmanske riket etter Konstantinopel og Kairo.Russell, Aleksander (1794), The natural history of Aleppo, 2nd Edition, Vol. I, s. 1–2Gaskin, James J. (1846), Geography and sacred history of Syria, s. 33–34 Aleppo har meir enn 2 millionar innbyggjarar, slik at han var ein av dei største byane i Levanten.Expatify.com Navigating the Major Cities of Syria
Aleppo ligg i eit ørkenliknande slettelandskap nær grensa til Tyrkia og 310 km frå Damaskus. Han er eit knutepunkt for samferdsla og ein viktig handelsby. Gamlebyen er med på lista til UNESCO over verdsarv. Byen fekk eit universitet i 1961.
Namn mini|venstre|Utsyn frå citadellet. Aleppo er det moderne namnet på byen i den vestlege verda. I antikken vart han kalla Khalpe, Khalibon, og for grekarane og romarane vart han kalla Beroea (gresk Βέροια). Under krosstoga, og igjen under Det franske mandatet for Syria og Libanon, vart namnet Alep nytta: «Aleppo» er ei italienisert versjon av dette.
Det gamle namnet på byen, Halab, er òg det arabiske namnet på byen i dag. Dette har usikkert opphav. Somme har føreslått at Halab tyder 'jern' eller 'kopar' på amorittisk, sidan byen var ei stor kjelde for desse metalla i antikken. Halaba på arameisk tyder 'kvit', og kan syne til den kvite jordfargen og dei store mengdene marmor som finst i området. Eit anna føreslått namneopphav er at Halab tyder «gav mjølk» og syner til den gamle segna om at Abraham gav mjølk til reisande gjennom regionen.Travels of Rabbi Pesachia of Regensburg. teachittome.com (s. 53). Fargen på kyrne hans var oskefarga (arabisk shaheb), så byen vart derfor kalla Halab ash-Shahba («han mjølka den oskefarga»).
Frå 1000-talet vart det vanleg i rabbinsk å bruke «Aram-Zobah» om området kring Aleppo, og dette namnet nyttar syriske jødar framleis i dag. Bibelen inneheld minst 13 referansar til Zobah.
Geografi og klima
mini|venstre|Queiq Aleppo ligg 120 km inn i landet frå Middelhavet på eit platå 380 meter over havet. Han ligg 45 km aust for den syrisk-tyrkiske grenseovergangen ved Bab al-Hawa. Byen er omgjeve av jordbruksland i nord og vest, som er dyrka opp med oliven og pistasjtre. I aust ligg Aleppo nær dei tørre områda i Den syriske ørkenen.
Byen vart grunnlagd nokre få kilometer sør for den noverande gamlebyen, på høgrebreidda av Queiq, som spring ut på Aintabplatået i nord og som renn gjennom Aleppo og sørover til det frodige landskapet Qinnasrin. Gamlebyen i Aleppo ligg på venstrebreidda av Queiq. Han var omgjeve av ein sirkel av åtte åsar kring ein sentral ås der vart bygd ei borg (opphavleg eit tempel reist på 1000-talet fvt.). Radiusen på denne sirkelen er kring 10 km. Åsane heiter Tell as-Sawda, Tell ʕāysha, Tell as-Sett, Tell al-Yāsmīn (Al-ʕaqaba), Tell al-Ansāri (Yārūqiyya), ʕan at-Tall, al-Jallūm og Baḥsīta. Gamlebyen låg innanfor ein eldgammal bymur som vart ombygd siste gong av mamelukkane. Muren har sidan forsvunne. Han hadde ni portar og var omgjeven av ei djup, brei vollgrav.
Aleppo dekkjer eit område på meir enn og er ein av dei raskast veksande byane i Midtausten. I følgje ein ny storplan som byen sette i verk i 2001, skal det totale området kring Aleppo aukast til 420 km² mot slutten av 2015.Syria News statement by Syrian Minister of Local Administration in Syria (arabisk, august 2009)
Aleppo har eit varmt halvtørt klima (Köppen: BSh). Fjellrekkjene som går langs kysten av Middelhavet, Dei syriske kystfjella og Nurfjella, blokkerer effekten av Middelhavet og skapar ein regnskugge. Årsmiddeltemperaturen i området er 18 til 20 °C. Årsmiddelnedbøren er 395 mm og 80 % av denne nedbøren kjem mellom oktober og mars. Det er sjeldan snø i området. Gjennomsnittsfukta er 58 %.Qishri & Samsoum (2009) Aleppo guvernement, a Study of Geographic Climatology (arabisk) (numbers are from the Syrian Meteorological General Directorate)
Historie Før antikken mini|Det gamle Aleppo. Aleppo har vore lite utforska av arkeologar, sidan den moderne byen ligg over den gamle byen. Staden har vore busett sidan kring 5000 fvt., som utgravingar ved Tallet Alsauda har vist.
Aleppo finst i historiske kjelder som ein viktig by mykje tidlegare enn Damaskus. Aleppo er først nemnd i skriftlege kjelder på 2000-talet fvt., då Aleppo var hovudstad i eit sjølvstendig kongedøme som var nært knytt til Ebla, kalla Armi i Ebla, og Armani/Armanum i Akkad, og Giovanni Pettinato skildra Armi som Ebla sitt alter ego. Naram-Sin av Akkad øydela både Ebla og Armani på 2200-talet fvt.Pettinato, Giovanni (Johns Hopkins University Press, 1991) Ebla, a new look at history p.135Hawkins, John David (2000) Inscriptions of the iron age p.388 men identifiseringa av Armani som Armi på inskripsjonar av Naram-Sim på tavler frå Ebla er sterkt omdiskutert.
I den gamle babylonske perioden, vart Aleppo kalla Ḥalab (Ḥalba) for første gongen. Aleppo var hovudstad i det viktige amorittiske dynastiet Yamḥad. Kongedømet Yamḥad (ca. 1800–1600 fvt.), òg kalla 'landet Ḥalab,' var det mektigaste i Det nære Austen på den tida.Kuhrt, Amélie (1998) The ancient Near East s.100 Yamḥad vart øydelagd av hettittane under Mursilis I på 1500-talet fvt. Aleppo tok raskt den leiande rolla i Syria, då makta til hetittane vart svekt på grunn av indre uro.
Parshatatar, konge av det hurittisk-armenske kongedømet Mitanni, tok nytta av maktvakuumet som oppstodMitannian (Armenian) origin og erobra Aleppo på 1400-talet fvt. Aleppo hamna derfor i frontlinja i ein maktkamp mellom Mitanni og hettittane og Egypt. Den hettitiske Suppiluliumas I slo Mitanni i eit avgjerande slag og erobra Aleppo på 1300-talet fvt. Aleppo var kultisk viktig for hettittane som eit senter for dyrking av Stormguden.
Då det hettittiske kongedømet kollapsa på 1100-talet fvt., vart Aleppo ein del av det arameisk-syrisk-hettitisk kongedømet Bit Agusi (som hadde hovudstad i Arpad) ved byrjinga av det første tusenåret fvt.Lipinsky, Edward, 2000. Arameans: Their Ancient History, Culture, Religion (Peeters), s. 195.
Bit Agusi vart i lag med Aleppo erobra av assyrarar på 800-talet fvt. og vart ein del av Det nyassyriske riket fram til seint på 600-talet fvt.,Healy, Mark (1992). The Ancient Assyrians (Osprey) s. 25. før det gjekk vidare til Det nybabylonske riket og akamenide-persarane.Kipfer, Barbara Ann (2000). Encyclopedic Dictionary of Archaeology. s. 626.
Antikken mini|Ruinane av den maronittiske basilikaen i Barad. Aleksander den store tok over byen i 333 fvt. Selevkos I Nikator oppretta ein hellenistisk busetnad på staden mellom 301 og 286 fvt. Han kalla byen Beroea (Βέροια), etter Beroea i Makedonia.
Nord-Syria var eit senter for det hellenistiske kolonistyret og derfor for den hellenistiske kulturen i Selevkideriket. Som andre helleniserte byar i Selevkideriket, hadde Beroea truleg lokalt sjølvstyre, med eit lokalt valt byråd eller boulē som bestod av frie hellenarar.Phenix, Robert R. (2008) The sermons on Joseph of Balai of Qenneshrin
Beroea vart verande under selevkidane fram til 88 fvt. då Syria vart okkupert av Tigranes den store og Beroea vart ein del av Kongedømet Armenia. Etter den romerske sigeren over Tigranes, vart Syria gjeve til Pompeius i 64 fvt., og han vart då ein romersk provins. Då romarane kom inn i området vart det forholdsvis stabile forhold i Syria i over tre hundreår. Sjølv om provinsen vart administrert av ein legat frå Roma, tvang ikkje Roma den administrative organisasjonen sin på den gresktalande herskarklassen i provinsen.
I romartida auka innbyggjartalet nord i Syria, og dette auka ytterlegare under bysantinarane inn på 400-talet. I seinantikken var Beroea den nest største syriske byen etter Antiokia, som då var hovudstaden i Syria og den tredje største byen i Romarriket. Arkeologiske funn indikerer at det busetnadane mellom Antiokia og Beroea var tett folkesette fram til 500-talet. Dette jordbrukslandskapet har i dag ruinar av store bustadhus og kyrkjer, som Symeon styliten-kyrkja. St. Maron frå den maronittiske kyrkja vart truleg fødd i dette området. Grava hans ligg i Brad, vest for Aleppo.
Beroea er nemnt i Andre makkabearbok 13:3.
Mellomalderen mini|Dei gamle murane i Aleppo og Qinnasrin-porten restaurert i 1256 av An-Nasir Yusuf. Persarane invaderte og kontrollerte Syria ei kort stund tidleg på 600-talet. Kort tid etter fall Aleppo til arabarane under Abu Ubaidah ibn al Jarrah i 637. I 944 vart han setet i eit sjølvstendig emirat under hamdānide-prinsen Sayf al-Daula, og opplevde ein periode med stor velstand. Han var heimbyen til den store diktaren al-Mutanabbi og filosofen og polymaten al-Farabi. Byen vart plyndra av austromarane i 962, og bysantinske styrkar okkuperte byen ei tid frå 974 til 987. Byen og emiratet vart ein vasall i riket frå 969 og fram til Dei austromersk-seldsjukkiske krigane. Byen vart kringsett to gonger av krossfararar, i 1098 og i 1124, men vart ikkje erobra.
Den 9. august 1138 råka eit kraftig jordskjelv byen og området kring. Sjølv om estimata frå den tida er særs usikre, trur ein at 230 000 menneske omkom, noko som gjer det til det sjuande mest dødelege jordskjelvet i historia.
Byen kom under Saladin sin kontroll og så Ajjubide-dynastiet frå 1183.
Den 24. januar 1260 vart byen erobra av mongolane under Hulagu i allianse med vasallane deira, som var frankiske riddarar under herskaren av Antiokia, Bohemond VI og svigerfaren hans, den armensk herskaren Hetoum I."Histoire des Croisades», René Grousset, s. 581, ISBN 2-262-02569-X. Byen vart dårleg forsvart av Turanshah og murane fall etter berre seks dagar med bombing, og citadellet fall fire veker seinare. Den muslimske folkesetnaden vart massakrert og mange jødar vart òg drepne. Den kristne folkesetnaden vart spara. Turanshah vart synt uvanleg respekt av mongolane og fekk lov til å leve på grunn av den høge alderen og motet han viste. Byen vart gjeven til den første emiren av Homs, al-Ashraf, og ein mongolsk garnison vart oppretta i byen. Noko av utbyttet vart òg gjeve til Hethoum I for støtta i åtaket. Den mongolske armeen held fram til Damaskus, som overgav seg, og mongolane gjekk inn i byen 1. mars 1260.
mini|venstre|Souq az-Zirb, der myntane vart slått under mamelukk-tida. I september 1260 forhandla dei egyptiske mamelukkane ein avtale med frankarane i Akko slik at dei kunne krysse krossfararområda utan kamp, og gå til strid mot mongolane i slaget ved Ain Jalut den 3. september 1260. Mamelukkane vann ein avgjerande siger, tok livet av den mongolske, kristne generalen Kitbuqa, og fem dagar seinare hadde dei erobra Damaskus att. Aleppo vart teken attende av muslimane ein månad seinare, og ein mamelukk-guvernør vart sett inn for å styre byen. Hulagu sende soldatar for å ta attende Aleppo i desember. Dei klarte å massakrere mange muslimar som hemn for drapet på Kitbuqa, men etter fjorten dagar hadde dei ikkje kome noko vidare og trekte seg attende.Runciman, s. 314.
mini|Al-Otrush-moskeen frå mamelukk-tida. Mamelukkane styrte byen inn under det sentrale mamelukk-styret i Kairo, og hausten 1261 sende mamelukk-leiaren Baibars ein hær for å vinne attende byen. I oktober 1271 tok mongolane igjen byen, og gjekk til åtak med 10 000 menn til hest frå Anatolia, og slo dei tyrkiske soldatane som forsvarte Aleppo. Mamelukk-garnisonen flykta til Hama, før Baibars kom nordover igjen med hovudhæren sin, og mongolane trekte seg attende.Runciman, s. 336–337.
Den 20. oktober 1280 tok mongolane byen nok ein gong, plyndra marknadane og brende ned moskeane. Dei muslimske innbyggjarane flykta til Damaskus, der mamelukk-leiaren Qalawun samla styrkane sine. Då armeen hans rykka fram, trekte mongolane seg igjen attende, til andre sida av Eufrat.