«Slave to Love» er ein song av Bryan Ferry. Det var den første singelen den tidlegare Roxy Music-songaren gav ut i 1985 frå albumet Boys and Girls, og ein av dei mest populære solosongane hans. Singelen kom ut 28. april 1985 og låg ni veker på singellista i Storbritannia, der han nådde tiandeplassen. I Noreg nådde singelen femteplassen på VG-lista og låg seks veker på lista. B-sida til singelen var instrumentalen «Valentine». Det vart òg gjeven ut ein 12" miks av singelen.
Over to månader seinare framførte han songen på Live Aid på Wembley Stadium i London.
Med på songen er Neil Hubbard og Keith Scott på sologitar,http://www.vivaroxymusic.com/songs_430.php Dire Straits-medlemmet Guy Fletcher på klaverinstrument, Omar Hakim på trommer og Tony Levin på bassgitar.
Musikkvideo Ein musikkvideo vart regissert av Jean-Baptiste Mondino med den svenske modellen Christine Bergström, den franske modellen Laurence Treil, den nederlandske modellen Marpessa Hennink, Jillian King, Fabrice Langlade, Olivier Poivre og Richard Teophile.
Innhald
7" «Slave to Love» «Valentine» (Instrumental)
12"-singel: E.G. Records / FERRx 1 881873-1 «Slave to Love» (Special 12" Re-Mix) – 5:56 «Slave to Love» (Instrumental) – 4:23 «Valentine» (Instrumental) – 4:00
Salslister Liste (1985)PlasseringAustralia (Kent Music Report)29Canadian Singles Chart76UK Singles Chart10Irish Singles Chart8Den tyske singellista30Den sveitsiske singellistahitparade.ch18Nederlandsk Topp 4033Den franske singellista45Den belgiske singellista10Den norske VG-lista5Den australske singellista29Den newzealandske singellista11
Andre versjonar Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Tony Hadley, Willy DeVille, Elan Atias, Jimmy Scott, Martha Wainwright og Dan Kelly og Róisín Murphy
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Slave to Love» frå , den 23. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:Gwen Stefani-songar Kategori:Róisín Murphy-songar Kategori:Songar skrivne av Bryan Ferry Kategori:Musikkvideoar regisserte av Jean-Baptiste Mondino Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Martha Wainwright-songar