Espen Olsen () er ein norsk fotballspelar som hausten 2011 spelar for Strømmen i den norske Adeccoligaen. Han var Sogndal sin toppskårar i 1. divisjon i 2010-sesongen med 12 seriemål. Han kom til Sogndal frå Stabæk, som han skreiv under ein 3,5 års kontrakt med 20. august 2007,Stabæk Fotball.no – Espen Olsen til Stabæk Fotball (Publisert 20. august 2007) men han tilbrakte delar av denne tida på lån hjå Start. Olsen kom til Stabæk frå Hamarkameratene, der han spelte 171 kampar og skåra 46 mål, for om lag éin million kroner.Hamar Arbeiderblad.no – Nå kan Espen bli cupmester (Publisert 20. august 2007)HamKam.no – Espen til Stabæk (Publisert 19. august 2007) Olsen har tidlegare spelt for både Strømmen og Lørenskog, og på to sesongar skåra han 50 mål for sistnemnde i 2. divisjon. I august 2011 vende han attende til Strømmen etter å ha fått lite speletid i Sogndal."Sogndal-spiss klar for Strømmen" frå bt.no, 12. august 2011
Bakgrunn Olsen kom til Ham-Kam før 2002-sesongen, og blei året etter toppskårar i klubben, da laget rykte opp til Tippeligaen. Han hadde ikkje like stor suksess etter opprykket, og sleit med å skåra mål, sjølv om han spelte dei fleste kampane på topp saman med Geir Frigård. Vårsesongen 2005 gjekk heller ikkje bra, med berre eitt mål. Men då Ham-Kam kjøpte Markus Ringberg, utvikla dei to spissane eit godt samarbeid, som for Olsen sin del resulterte i sju mål i løpet av haustsesongen. Med åtte mål blei han igjen lagets toppskårar, og han blei også kåra til årets spelar av lagets supportarar.
Etter den positive haustsesongen i 2005, då han blei klubbens toppskårar med åtte mål, blei Espen Olsen den største overraskinga da Åge Hareide tok ut troppen til landslaget sin årlege januar-tur. Olsen hadde aldri tidlegare spelt landslagsfotball, heller ikkje på aldersbestemt nivå. Laget drog til California i USA for å møta Mexico og USA i to treningskampar. Han fekk spela i begge kampane, men klarte ikkje å utmerka seg nemneverdig. Etter sesongen blei han også kåra til Ham-Kams beste spelar på klubben si heimeside.
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 18. april 2011.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Spelarbiografien til Espen Olsen på hamkam.no SogndalFotball.no – Espen Olsen sin spelarprofil hjå Sogndal Fotball
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Strømmen-spelarar Kategori:Ham-Kam-spelarar Kategori:Stabæk-spelarar Kategori:Start-spelarar Kategori:Sogndal-spelarar Kategori:Folk frå Lørenskog