After the Heat er eit album frå 1978 av Brian Eno og begge medlemmane frå Cluster, Dieter Moebius og Hans-Joachim Roedelius. Albumet er det andre samarbeidet deira som trio etter Cluster & Eno i 1977. Igjen arbeidde dei med den viktige krautrock-produsenten Conny Plank.

Sporet «Tzima N'Arki» inneheld vokalspor spelt baklengs, som delvis er refrenget på Eno-songen «King's Lead Hat» (frå albumet hans Before and after Science), som igjen er eit anagram av Talking Heads, som Eno produserte plater for i denne perioden.

Innhald

Medverkande Brian Eno – vokal, bassgitar, synthesizerar/tangentinstrument Dieter Moebius – synthesizerar/tangentinstrument Hans-Joachim Roedelius – synthesizerar/tangentinstrument

Andre medverkande Holger Czukay – bassgitar på «T'zima N'arki»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «After the Heat» frå , den 24. april 2011.

Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Brian Eno-album Kategori:Album produserte av Conny Plank Kategori:Album produserte av Brian Eno