RS 96 «Olav V» var ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1982. Ho vart bygd med tanke på oljeverksemda i Nordsjøen. Ho vart bygd for så høg fart at ho kunne dekkje eit større område. Teikninga til «Olav V» vart utarbeidd av Pål Francis Hansen, på grunnlag av ei diplomoppgåve ved NTH i Trondheim. Ho vart bygd ved Oma båtbyggeri på Leirvik. Skroget var av aluminium. Overbygget av sandwich-materiale.

Redningsskøyta fekk namnet «Olav V» for å heidre kong Olav V som hadde vore konge i 25 år. Ho vart døypt av kronprinsesse Sonja 23. august 1982.

«Olav V» var svært kostbar i drift. I 1992 vart ho seld til det hollandske tollvesen

Kjelder Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002 nssr.no

Olav V Kategori:Skip frå 1982 Kategori:Oppkallingar etter Olav V av Noreg