610 (romartal CDX) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen.

Hendingar Oktober: Herakleios kom til Konstantinopel med ein flåte frå den romerske provinsen Afrika. Ved hjelp av ein oppreist i byen avsette han keisar Fokas, fekk han drepen og tok sjølv trona. Den første store endringa han gjorde var å innføra gresk som offisielt språk i riket i staden for latin. Gresk var allereie kvardagsspråk for fleirtalet av innbyggjarane. På grunn av dette er det blitt vanleg blant historikarar å omtala Austromarriket etter år 610 som Det bysantinske riket, etter Byzantium, det tidlegare namnet på Konstantinopel (no Istanbul).

Fødde Anania Sjirakatsi, armensk astronom

Døde 5. oktober: Keisar Fokas av Austromarriket, avsett og drepen Herakleios den eldre, bysantinsk general og leiar for eksarkatet Afrika, far til keisar Herakleios av Austromarriket Tassilo I av Bayern Witterik, vestgotisk konge i Hispania